Gå til sidens hovedinnhold

Vindkraft og Tesla kan ikkje redde verda

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Klimaengasjementet har auka kraftig dei to siste åra, ikkje minst blant ungdomen. Engasjementet er gledeleg – men au bekymringsfullt. Gledeleg fordi vi nå kan ha eit ørlite håp om at klimautsleppa kan bli reduserte tidsnok til at oss unngår dei verste katastrofane. Bekymringsfullt fordi så mange innbiller seg at kloden er berga berre vi sluttar å spy ut for mykje Co2. Berre vi fasar ut olje og kol og i staden satsar på fornybar energi, legg elver i røyr, bygger vindkraft – ja, så kan oss halde fram som før. Dessverre er det offentlegeordskiftet langt på veg vorte slik at miljøvern er lik klimasak.

I kampen for å unngå klimakatastrofen, er det lett å gløyme at vi også står overfor ei anna utfordring som har minst like store konsekvensar. Naturøydelegging, tap av naturmangfald. Ja, langt på veg er årsakene til klimautslepp og naturøydelegging det same: Ei veksande befolkning – som er meir enn fordobla dei siste 50 åra – som forbruker stadig meir, drive fram av eit gamledags, vekstbasert økonomisk system.

FNs klimapanel har slått fast at store samfunnsendringar er nødvendig. Dei ser:

 At gjennom landbruk, skogbruk, gruvedrift og overfiske i havet har rundt 50 prosent

av jordas naturlege økosystem vorte øydelagt i løpet av de siste 50 åra.

 At 75 prosent av alt landområde har enten vorte lagt om til åker, dekka av betong,

drukna i demningar eller påverka på andre måtar.

 At over 80 prosent av våtmarksområda har forsvunnet siden år 1700.

 At nesten 70 prosent av alle havområde har vorte påverka av oppdrettsanlegg,

skipstrafikk, undervassgruver eller andre prosjekt.

 Plastforurensing har vorte tidobla siden 1980.

Dette er dystre tal som burde få oss til å tenkje. Lista kunne vore lenger. Likevel er det ordførarar og kommunar som boikottar TV-aksjonen som nettopp har som mål å rydde/hindre plast i havet. Når navlebeskuing blir større enn forstand er det fare på ferde.

NHO-sjef, Ole Erik Almlid, uttala at oss må vera viljuge til å ofre natur for å berge klimaet og skape fleire jobbar. Han forsvarte vindkraftutbygginga, og viser til at oss i Norge støtt har nytta oss av naturressursane og meinte at det bør vi halde fram med.

Det bekymrar når mange ikkje evnar å ta innover seg at tap av natur, tap av artar, tap av naturmangfald er ein alvorleg trussel mot vår felles framtid. Ekstra bekymringsfullt er synet på korleis klimatrusselen skal handterast – at det blir handtert på ein måte som i stor grad kan/vil bidra til naturøydeleggingar. Samtidig som oss pratar om satsing på elektrifisering, såkalla «grønt skifte», ny teknologi, ja, så skal oss fortsette med ein einøygd vekstbasert velstand, med økt forbruk, økt arealbruk, rovdrift på metall og andre ressursar som resultat.

Det er slett ikkje lett for enkeltpersonar å ta gode val. Dei fleste av oss kjører bil, bruka fly, eller har andre «svin på skogen». Likevel meiner eg at dei store valg handlar om politikk.

Klimadebatt og naturøydelegging er ein interessekonflikt. Ein kamp:

 mellom dei som vil flytte grensa i Barentshavet nordover for å starte oljeleiting i

sårbare område og dei som meiner oss nå må trappe ned på oljeverksemda. (fase ut)

 kamp mellom dei som vil starte oljeboring i Lofoten/Vesterålen, og dei som meiner

dette er av dei mest verdifulle område for den evige ressursen, fisken.

 kamp om deponi tå farleg avfall i ein fjordarm i Finnmark eller på Vestlandet,

 kamp om nye vassdrag ska leggjast i røyr, ja, til og utbygging av allereie verna elver,

meiner somme.

 kamp om store vindmølleparkar skal reisast i sårbare område – med eller utan hjelp av

tysk storkapital - oftast mot lokalbefolkninga sine interesser.

Oss løyse ikkje klimakrisa ved å øydeleggje naturen. Snarare tvert imot. Det er nettopp rovdrift på naturen som er viktigaste årsaka til den krisa vi står midt oppe i. Dette er ein debatt folk må engasjere seg i. Oss må ikkje bli likegyldige.

Vindkraft og Tesla kan ikkje redde verda.