Vil ikkje forby påskebesøk, men kommuneoverlegen blir ikkje overraska dersom det fører til ny smitte i bygda

Påska står for døra og med den kjem også mange heim til familien. Vågå vil ikkje gå så langt som naboane i vest og rå innbyggjarane til å ikkje ta i mot påskegjestar dette året. Kommuneoverlege Gulleik Riksaasen blir ikkje overraska dersom det fører til nye smittetilfelle, og ber folk ta sine forholdsreglar.