Vi treng nok å importere mange varer frå utlandet, men sau og lam burde vi ha nok av sjølve

Illustrasjonsbilde.

Illustrasjonsbilde.

Av
DEL

MeningerLammekjøtt- marknad og økonomi. Dette var overskrifta til innlegget til Astrid Olstad i GD torsdag 2.april.

Som styremedlem i Oppland Bonde og Småbrukarlag forstår vi at ho har god greie på økonomien i sauehaldet. Men i ei setning står det: «Første betingelse for på nytt å styrke lønnsomheta i sauenæringa, er en produksjon i balanse med markedet.» Kva er «markedet»? Marknaden er vel det vi som forbrukarar kjøper av lam og sauekjøtt. Og vi kjøper det som er tilbydd oss, fårikål om hausten, lammelår til påske, og kanskje marinerte lammekotelettar til grillsesongen. Vi vil ha meir enn dette. Vi vil ha tilgang på lam- og sauekjøt året rundt, ferske kotelettar, kjøt til ulike rettar, kjøtdeig, røykt sauekjøt osv. I TV-programmet «Matsjokket» hadde ein kokk laga framifrå rettar av sau. Matkjedane stilte opp og var positive, men sidan blei det stilt. Tenk om matkjedane kunne bruke noko av dei stor ressursane dei brukar på reklame til informasjon om eit variert utval av sau- og lammerettar i butikkane, gjerne med oppskrifter tilgjengelege både i butikk og på nett .

Vi treng nok å importere mange varer frå utlandet, men sau og lam burde vi ha nok av sjølve. Vi treng ikkje belaste klimaet med den transporten. Likeeins forstår vi at det blir brukt kraftfor i sauehaldet. Det bør vera ei stor oppgåve å få snu avlønninga i jordbruket slik at dei som nyttar utmarksbeite, blir belønna for dette. Dette sparer og klimaet for sauen gjer ein god jobb i å halde nede tilskoginga i utmarka og sikre mangfaldet i plantelivet, og vi får eit kjøt som er sunnare fordi det er basert på urter og usprøyta gras. Det er ei gåte for oss forbrukarar korleis prisen på kjøt kan bli så høg når bonden får ei minimumspris for det dei leverer.

Alt dette er politikk som vi forstår både av innlegget til Astrid Olstad og andre innlegg er eit innvikla område. Men dersom alle er interesserte i å støtte lokalprodusert mat, bør eit samarbeid mellom bondelaget, småbrukarlaget, slakterisamvirke og matkjedane føre til ein større marknad for lam- og sauekjøt.

Dette vil då hjelpe på balansen mellom produksjon og marknad, og dermed og på at det vil lønne seg å drive med sau framover. Som bygdekvinnelag er vårt formål å støtte alle tiltak som gjer at vi kan ha levande bygder i framtida.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags