Gå til sidens hovedinnhold

Vi må samlast i kamp for framtidas Nord-Gudbrandsdal!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nord-Gudbrandsdalen er ein flott region. Her finst fjell og natur i det uendelege, levande bygdesamfunn og ikkje minst: arbeidssame og dyktige folk både i det offentlege og i næringslivet. Som norddølar har vi mykje å vere stolte av. Likevel har regionen eit stort problem. Folketalet går ned. Det blir fødd for få ungar. Dei som fløtt ut, kjem ikkje like ofte att. Det blir færre og færre att av dei som skal bli framtidas arbeidsfolk.

Skal vi greie å snu denne trenden, og satse på nettopp framtidas arbeidsfolk, er det eitt viktig område vi må sjå på: utdanningstilbodet i regionen vår.

Fordi: kva utdanningstilbod vi har den vidaregåande skulen, formar i stor grad kva type arbeidskraft vi får i framtida. Utdanningstilbodet i Nord-Gubrandsdalen må derfor reflektere behovet for og etterspørselen etter arbeidskraft i VÅR region. Kva type arbeidsfolk treng vi HER? Kva er regionen VÅR god på? Eg trur ei styrking av det vi allereie har i regionen er viktigare å satse på enn store investorar som vil bygge BitCoin-fabrikkar, dersom vi vil bevare folketalet.

Kva er det så vi har i Nord-Gudbrandsdalen? Jo, vi har ei reiselivsbransje i full blomst, og treng derfor folk utdannna innan reiseliv og språk. Vi har ei matbransje i toppsjiktet i Norge, og vi treng kokkar. Vi treng helsefagarbeidarar, bilmekanikarar, lastebilsjåførar, lærarar og barne- og ungdomsarbeidarar. Vi treng rett og slett eit breitt utdanningstilbod i den vidaregåande skulen, skal vi dekke alle behova regionen har, og dersom vi vil styrke han. Yrka eg ramsa opp nå, med unntak av lærar, har ein ting til felles. Dei er alle yrkesfag. Regionen vår treng altså eit breitt yrkesfagleg tilbod. Vi treng fagarbeidarar! Og skal ungdomane våre arbeide her, må dei kunne utdanne seg HER, og gå i lære HER.

Likevel blei det no for ikkje så lenge sia foreslått å ikkje setje igang Restaurant og matfag og Salg, service og reiseliv på Nord-Gudbrandsdal vgs. grunna for få søkjarar. Med nød og neppe blei likevel tilboda redda nok ein gong, grunna mykje lokalt engasjement. Men søkjartala har vore låge lenge. Og ein kan ikkje drive slike redningsaksjonar kvart år.

Eg meiner det må til endringar i skulen. Eg bannar i kyrkja, og seier vi må sjå på skulestrukturen i Nord-Gudbrandsdalen i staden. For i regionen har vi nemleg 90 plassar på studiespesialiserande, fordelt på tre skulestader. Lom, Otta og Dombås. Samanliknar vi oss med regionen Nord-Østerdal, som er på storleik med oss, har dei 20-30 færre på studie.

Dagens situasjon er at politikarar i Lom kjempar for å bevare avd. Lom med Bygg og Studiespes., og at politikarar i Dovre kjempar for å bevare avd. Dombås med Studiespes. Otta på si side kjempar for å bevare dei yrkesfaglege tilboda sine.

På grunn av denne stadige kampen for å bevare den enkelte avdelinga, blir ofte den større avdelinga på Otta sett på som ein fiende. Men faktum er at dersom dei ulike kommunane fortsett å kjempe mot kvarandre, i stadan for saman, så vil det føre til ei stor svekking av Nord-Gudbrandsdal vgs. som heilheit. Det som, i mine auger, er for mange elevar på studiespesialisering, fører til for få elevar på yrkesfag. Dermed er fleire yrkesfagtilbod stadig i risikosona for å ikkje bli starta opp, og i lengda nedlagte. Vi har alt mista IKT, Design og handverk, industriteknologi og frisør. No er kokk- og servitørfag og reiseliv i stor fare for å gå same vegen. Det er ei dramatisk utvikling. Og ei utvikling som ikkje samsvarar med behovet for arbeidskraft i regionen. Lonbakken mekaniske verkstad var i gd: denne veka og sa at dei ikkje får tak i kvalifisert arbeidskraft. Det same var Studio M, som ikkje klarar å få tak i frisørar.

Derfor er spørsmålet mitt: skal vi kjempe med nebb og klør for bevare 90 plassar på studiespesialiserande, når det fører til ei undergraving av det yrkesfaglege tilbodet i Nord-Gudbrandsdalen? Meir direkte: skal det vere ei sjølvfølge for ein lesjing å kunne gå studiespesialiserande på Dombås, men å måtte reise heilt til Lillehammer om han vil bli kokk, fordi det ikkje lengre er tilbud om kokk på otta? Kva om vi feks. hadde lagt nokre fyrsteårs yrkesfagtilbod på Dombås i staden?

Uansett korleis ein vel å løyse det, så er det no for lengst på tide at regionen går saman om ein felles strategi for korleis vi vil at Nord-Gudbrandsdalen skal sjå ut om nokre år. Politikarane må saman tørre å sjå på skulestrukturen, og dei må tørre å gjere seg upopulære. Og aller viktigast: dei må sjå skuletilboda i regionen under eitt. Folketalet går ned i heile regionen. Utdanningstilbodet er i stor fare for å bli svekka i heile regionen. Ungdomen, og framtidas arbeidskraft, er i ferd med å få eit så magert tilbod at dei snart ikkje kan utdanne seg i regionen sin. Da er det ikkje rart det blir fråflytting. Vakn opp politikarar!

Vi må opne augo og sjå at ein intern kamp skulestadene i mellom berre fører til ei undergraving av oss sjølve. Dombås, Otta og Lom er ikkje store på Innlandskartet. Men Nord-Gudbrandsdalen, kanskje heile Gudbrandsdalen, kan markere seg. Regionen må samlast og gjere seg sterk, for det er berre da vi kan stå i mot dei sterke sentraliseringskreftene vi står ovanfor. Å satse på yrkesfag er å satse på morgondagens arbeidskraft. Så i anledning arbeidaranes internasjonale KAMPDAG, krev eg at politikarane no reiser seg samla i kamp for Nord-Gudbrandsdalen, og i kamp for framtidas arbeidarar.