Vågåheimen stengt for besøkjande

Vågåheimen vil frp og med i dag, tysdag bli stengt for besøkjande.

DEL

Følgjande melding kjem frå Vågå kommune:

Vågå kommune har måndag beslutta nye tiltak for å avgrense smittespreiing. Som før støttar vi oss på dei nasjonale føringane frå FHI, og tiltaka vi set i verk er for å ta del i den nasjonale dugnaden for å få kontroll over koronasmitten.

I praksis betyr det at vi frå tysdag 10.11.2020 stengjer Vågåheimen for besøkjande. Det kan vera mogleg med unnatak ved særskilte tilfelle, men dette må avtalast med Vågåheimen.

I våre bufellesskap vil vi ikkje ta imot besøkjande på fellesareala. Alt besøk skal gå føre seg i den enkelte si leilegheit.

Pasientar og brukarar som deltek på aktivitetar blir delt i kohortar og det vil elles bli skjerpa smitteverntiltak både i aktiviteten og ved transport til og frå.

Tilsette som har vore på besøk i "raude" delar av Noreg, eller har hatt besøk av personar frå desse område skal bruke smittevernutstyr ved all pasientpleie.

Vi held fram med koronatelefonen på kvardagar mellom 08.00-20.00. Det vil før helga bli teke ny vurdering om koronatelefonen skal vera operativ gjennom helga.

Endringar eller etablering av nye smitteverntiltak vil kunne skje fortløpande og vi ber alle å halde seg oppdaterte på Vågå kommune sine heimesider, og FHI sine nettsider.

Artikkeltags