Vågå får drive nødforing av rådyr

Rådyra: har det tøft nå med store snømengder. 
Foto: SCANPIX

Rådyra: har det tøft nå med store snømengder. Foto: SCANPIX

Vågå kommune har fått godkjent inntil 20 fôringsplassar for rådyr.

DEL

Det er forbod mot all fôring av hjortevilt grunna skrantesjuka eller CWD som det også blir kalla. Forbodet gjeld framleis, men på grunn av dei store snømengdene opnar Mattilsynet for at kommune utanfor prøvetakingsområda kan søkje om nødforing av rådyr.

Vågå kommune har fått godkjent inntil 20 fôringsplassar av Mattilsynet. Fôringsplassane skal vera tilpassa, og retta mot rådyr, og dei skal vere spreidd rundt i bygda. Det er krav om å bruke viltkamera eller ha god oversikt over fôringsplassane, dette på grunn av at det skal vera enkelt å kunne ta ut eventuelle sjuke dyr, dyr med unormalt åtferdsmønster, eller skadde dyr. Dersom nokon veit om fôringsplassar som er eigna til formålet kan ein ta kontakt med Vidar Rugsveen eller Steinar Aasgaard. Det er viktig at fôringsplassane blir registrert, og det blir gjeve rette typane av for.

Artikkeltags