Vatn og avlaupsnett i Vågå kommune

Av
DEL

LesarbrevSidan valkampen i 2011 har Bygdalista arbeidd for å få ei systematisk oppgradering av leidningsnettet for vatn og avløp i Vågåmo. Underteikna skreiv i 2011 artikkelen «Leidningsnettet i sentrum – ei tikkande bombe?». Her synte Bygdalista til ansvaret kommunane har i henhald til drikkevatnsforskrifta. Lekkasjar på 35-50% og fare for forurensing av drikkevatn var og er ein realitet. Den gongen vart dette beteikna som svartmaling av Vågå Arbeiderparti.

Etter årevis med påtrykk oppnådde vi i inneværande periode å få fleirtal for utarbeiding av tiltaksplan for vatn og avlaup. I august 2017 fekk vi tiltaksplanen overlevert frå konsulentselskapet Asplan Viak. Asplan Viak konkluderte med det same som vi hadde påstått i 5-6 år. 1,5 km med ledningsnett i Vågåmo hadde akutt saneringsbehov og 3,5 km hadde begynnande saneringsbehov. Likeeins seier planen at om vatn- og avløpsnettet på Vågåmo ikkje skal forfalle raskare enn det blir fornya, må det minimum investerast ca. 34 mill. kroner over ei 10-årsperiode. Med andre ord betyr dette at vi som politikarar minimum må løyve minst 3,4 millionar kroner i kvart budsjett i 10 år framover berre for å halde tritt med forfallet. Etter 7 års argumentering kunne vi i endeleg starte arbeidet med fyrste trinn i tiltaksplanen. Rehbilitering av vatn- og avlaupsnettet i Nedre Langskåre bustadområde er no på det næraste ferdigstilt.

I Arbeiderpartiet i sitt valprogram kan ein få inntrykk av at dei har gjennomført ”ny plan med midlar for oppgradering av vatn og avløp i kommuna”. Vår meining er at Vågå Arbeiderparti ikkje akkurat har vore pådrivarar i dette arbeidet. Hadde det ikkje vore for Bygdalista sitt påtrykk sidan 2011, hadde truleg ikkje tiltaksplanen for VA eller arbeida med utførelse vore sett i gang i det heile teke. Reint vatn i krana frå kommunale leidningar er faktisk ei av dei mest elementære oppgåvene kommunane er sett til å gjera, og som alle forventar skal fungere. Reaksjonane på at om lag 2000 personar har vorte sjuke som følgje av forureina drikkevatn i Askøy kommune, syner kor gale dette i ytterste konsekvens kan gå. Bygdalista har brukt sin innflytelse i kommunestyre og hovedutval for å få på plass planar for systematisk oppgradering av leidningsnett for vatn og avløp. Dette er noko Bygdalista vil vidareføre i komande fireåresperiode.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags