Med islagt Gjende, svært mykje snø i fjellheimen og bryggelaus ved Gjendeosen tok skipper’n på Gjende derfor turen til Det karibiske hav for å praktisere båtlivet.

Båtliv er nært knytt til Øvstedalsfamilien i Vågå. Frå 1906 og gjennom fire generasjonar har det vore ein Øvstedal som eigar og bak roret på alle dei seks båtane som har trafikkert det to mil lange Gjendevatnet. Med både båt- og snikkarerfaring frå Tresfjord skjønte pioneren Ole Øvstedal for over hundre år sidan at aukande turisttrafikk og ferdsel over Gjende kunne gje grunnlag for ei ny næring i fjellkommunen Vågå. Skepsisen var derimot stor da han lanserte ideeen om rutebåt på vatnet. I fjor frakta Gjendebåtane med Harald Rune Øvstedal som eigar og skipper 63228 turistar på Gjende. Nå har skipper’n på Gjende prøvd ut livet på seglbåten i Det karibiske havet.

Seglbåt i Karibien

Med islagt Gjende, svært mykje snø i fjellheimen og bryggelaus ved Gjendeosen tok skipper’n på Gjende derfor turen til Det karibiske hav for å praktisere båtlivet. Men denne gongen med vind som drivkraft på den 50 fot store norskeigde seglbåten Opptur.

- Eg har lenge hatt ein draum om å kunne segle i Karibien, fortel Harald Rune Øvstedal, som har sett fleire lokkande TV-program frå dette paradisområdet. Da eg arbeidde i Stokk og Stein i Lom gjorde dagleg leiar Sverre Sørumgård ein liknande tur, noko som gav meg enda meir reiselyst. Middelhavet kan vera fint å segle i om sommaren, men da må eg ta meg av båttrafikken på Gjende. Ein av fordelane med å vera med ein mindre båt samanlikna med dei megastore luksuriøse cruisebåtane er at ein mellom anna slepp å stå i lange køar kvar gong fleire tusen passasjerar skal gå i land.

Harald Rune fortel at båten hadde innleigd norsk kaptein frå Helgøya som hadde segla i området i tjue år og var lommekjend. Han tok dei dermed inn til fleire av dei avsidesliggjande eksotiske strendene på fleire av øyane. Opptur var ein katamaranbåt med plass til åtte personar. I tillegg til kapteinen og Harald Rune var det eit dansk ektepar og ein trønder – alle med fornamn på H!

Orkanane skremmer turistane

- At Opptur ikkje var fullteikna på denne turen skuldast nok frykten for dei sterke stormane som har prega nyheitene frå dette området i seinare tid, fortel Harald Rune. Vi såg hotell på fleire av øyane som var stengde, og kapteinen vår kunne fortelja om bygg som ikkje lenger var der.

Vi får høyre at Gjendeskipper’n har hatt ei fantastisk fin veke på seglbåten med 30 – 32 grader med god vind, og 28 grader i vatnet. Sjølv om alle fire lugarane hadde kvar sin dusj var sjøbad meir freistande med ferskvassdusj til slutt.

- Korleis var det å vera matros og ikkje ha kommando over skuta slik du har på Gjende ?

- Passar meg fint, kjem det fort frå den lokale skipperen. Vi fann tonen fort, og eg gjer gjerne opp att turen seinare med same kapteinen. Dei tre andre av mannskapet tok seg av matserveringa, og eg tok ansvaret for oppvasken i tillegg til klesvask og arbeid med vinsjar og ror. Nokre gonger var vi også på land og prøvesmakte på den lokale maten.

Katamaran ein fordel

Nybåten på Gjende, «Kåre Johan», som Harald Rune tok i bruk i fjor, er ein katamaran slik som seglbåten Opptur. Med to kjølar er båten meir stabil og brukar mindre drivstoff. Det tekniske utstyret var mykje likt, men seglbåten hadde fleire kartmaskinar. Dette fekk dei lite bruk for da kapteinen var så kjend i området, og dei såg land nesten heile tida. Kapteinen fann fram til dei mest idylliske plassane som ein berre kan drøyme om. Flotte sandstrender med palmer og store skilpadder i det klåre blå vatnet. Harald Rune kunne godt tenkte seg ein ny tur saman med ei lokal vennegruppe, så her er det berre å ta kontakt med Gjendeskipper’n!

- Seglbåten hadde to innanbords motorar kvar på 90 hk som vi brukte når vi reiste ut i motvind, og så bles vinden oss tilbake. Det var ein del tau og trinsar å halde styr på. Liten motorkraft samanlikna med dei tusen hestekreftene som eg har på «Kåre Johan».

Miljøvennleg båttrafikk

Gjendeskipper’n er samd i at vindkraft er meir miljøvennleg enn båttrafikken hans på Gjende som forbrukar 1,1 liter diesel for kvar passasjer. Harald Rune er oppteken av dette, og fortel at han hadde ei lang og grundig vurdering i forkant av den siste båtinvesteringa si på 20 mill. kr.

- Eg hadde opprinneleg eit ønske om elektrisk drift av den nye båten, noko ein kan få økonomisk tilskot til. Men batterikapasitet med så jamn båtdrift og nok straum til rask nok lading med dagens teknologi sette ein bom for den planen. Eg vurderte også ei hybrid løysing som ville ha kosta 15 mill. ekstra utan noko tilskot, som heller ikkje ville bli ei tilfredsstillande løysing, fortel Harald Rune.

God båtstandard

Når vi høyrer at seglbåten Opptur hadde stove både ute og inne, fire dobbeltrom alle med dusj, pluss kjøkken, må vi spørja Gjendeskipper’n kva han kan skilte med på Gjendebåtane.

- Vi har friskt ferskvatn og treng ikkje dusje av oss saltvatnet, men med ein temperatur på berre 6-7 grader i Gjendevatnet blir det ikkje den store badinga, ler Harald Rune. Eit godt samarbeid med Bessheim legg til rette for at dei som vil leige «Gjendine» eller «Kåre Johan» for ein cruisetur under Besseggen kan få god og smakfull mat og drikke om bord. Sengeplassar har vi ikkje tenkt å konkurrere om, smiler skipper’n. Og gløym ikkje den fantastiske naturen, legg han til, før han fortel at det nye elektroniske billettsystemet fungerer godt. Folk heilt frå Australia har alt sikra seg plass, medan nordmenn ofte ventar på vervarsla i storm eller yr før dei bestemmer seg for turen. Spelar vergudane på lag kan 2018 bli eit nytt rekordår med sytti tusen passasjerar, spår Harald Rune.

Nasjonalt turistveg- prosjekt

Vi starta med at Gjendebåtane er bryggelause om dagen. Arbeid med ny større brygge i betong og tre med lagerbygg er igangsett. Vi spør Harald Rune korleis han ser på dette arbeidet.

- Det har vore ein svært lang prosess, så eg ser fram til at det blir ferdig. At det kjem på plass kjølerom og betre system for avfallshandtering er positivt. Vi ønskjer at dei som legg turen til Gjende skal få ei så positiv oppleving som mogleg. Samarbeidet om Besseggpatruljen som nå er etablert er eit anna døme på at vi ønskjer å kvalitetssikre opplevingane for alle dei tusen som ønskjer å oppleva Gjendetraktene både på land og på vatnet, avsluttar Harald Rune Øvstedal, som har hatt fleire turar til Gjendesheim i vinter for å rydde bort all snøen på båtane sine. Vi forstår godt at ferieturen som matros på seglbåt har gjort godt for skipper’n på Gjende.