Heiltid må løysast lokalt

Illustrasjonbilde

Illustrasjonbilde Foto:

Av
DEL

LesarbrevDersom pleie- og omsorgstenestene skal lokke til seg helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og vernepleiarar i framtida, må heiltid vera ein rett og deltid vera ei moglegheit.

Nå før kommunevalget lovar fleire av våre rikspolitikarar kamp for fleire heile og faste stillingar i kommunesektoren. Det er viktig og bra, men vi som kjenner tilhøva i kommunane, veit at slike saker må løysast lokalt. Utfordringane med ufrivillig deltid er størst i pleie- og omsorgstenestene. Som regel er det også her at sjukefråværet er høgast, der meir enn 10 % ikkje er uvanleg. Høyrer vi krav om auka grunnbemanning, er det ofte pleie- og omsorgstenestene det handlar om.

Det blir fleire eldre i åra som kjem, og med det blir det nok også fleire pleietrengande eldre. Dermed vil det vera behov for å rekruttere fleire tilsette i omsorgstenestene. Samtidig må vi ta godt vare på dei vi har, slik at dei blir i stillingane sine så lenge som mogleg. Blant helsefagarbeidarane, som saman med sjukepleiarane og vernepleiarane utgjer den viktigaste helsefaglege yrkesgruppa i pleie- og omsorgstenestene, er det stort sett dei nyutdanna og dei eldste som jobbar ufrivillig deltid. Dei yngste fordi dei ikkje får heile stillingar, dei eldste fordi dei ikkje har helse til å jobbe fulltid. Kvifor har det vorte slik? Kvifor greier ikkje kommunane å legge tilhøva betre til rette for dei yrkesgruppene vi treng og så sårt vil trenge i framtida? Korleis gjera arbeidsplassane meir attraktive? Korleis få ned sjukefråværet?

Vi i SV har tru på at heiltidskultur er helsefremjande. Vi har tru på at moglegheit til å ha betre kontinuitet og oversikt i arbeidet, og betre vilkår for kompetanseutvikling, også kan virke positivt på sjukefråværet. Mange deltidstilsette ønskjer å jobbe meir, men må håpe på å bli ringt opp og få tilbod om ledige vakter. Det er gjerne flest ledige vakter i helgene, og mange deltidstilsette jobbar derfor mange av desse. Ei slik kontinuerleg jakt på ledige vakter er i seg sjølv stressande og belastande, men for mange dessverre nødvendig for å få ei løn å leva av. Deltidstilsette har uforutsigbar løn, arbeidstid og fritid. Heiltidstilsette har forutsigbar løn, arbeidstid og fritid. Dei veit i god tid når dei skal på jobb, og kan i større grad planlegge kvardagen sin, fritid og økonomi. Og ikkje minst: Dei kan gå i banken og få lån fordi dei har fast og forutsigbar inntekt. I tillegg får dei betre pensjon.

Desse utfordringane må løysast, og dei må løysast lokalt. Den politiske leiinga må definere ei målsetting og ei retning, medan den administrative leiinga og tillitsapparatet må ha gode prosessar om bemanningsplanar, helgefrekvens og fordeling av oppgåver og stillingar. Arbeidsplanane må romme tid til kompetanseutvikling og systematisk arbeid med kvalitetsforbetring i tenestene.

Arbeidet med heiltid og rekruttering er krevjande, også fordi det utfordrar tillitsapparatet like mykje som den administrative leiinga. Båe partar må sjå heile landskapet, dvs. både brukarperspektivet, interessene til dei tilsette og omsynet til kommuneøkonomien. Er viljen stor nok til å ta eit heilheitleg samfunnsansvar? Korleis kan båe partar til dømes både ivareta lovpålagt tilrettelegging for tilsette som er eller står i fare for å bli sjukmeldte, og samtidig unngå større belastning på kollegaer? Spørsmål og dilemma som dette må på bordet, bli drøfta og løyste lokalt. Da bør ikkje prosessane i fyrste rekkje handle om å få synleggjort behovet for meir økonomiske ressursar. Alle må kunne spørje seg om ressursane blir brukte der dei trengst mest, eller om nytteverdien kan bli større om dei blir brukte annleis. Dersom pleie- og omsorgstenestene skal lokke til seg helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og vernepleiarar i framtida, må heiltid vera ein rett og deltid vera ei moglegheit. Deltid for den enkelte må likevel ikkje øydelegge målsettinga for heiltidskulturen. Vågå SV lovar å ha heiltidskultur høgt på den politiske dagsorden i kommunestyret dersom veljarane viser oss tillit den 9. september.




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags