Økonomi og ansvar i Vågå kommune 

Av
DEL

LesarbrevSvein Holen, Ola Iver Røe og Torunn Elise Kveen frå Vågå SV uttrykkjer i lesarbrev i GD 12.06.19 bekymring for den økonomiske situasjonen i Vågå. Det ville imidlertid vore interessant å veta korleis Svein Holen som eventuell ordførar vil forhalde seg til ein sektorleiar med same budsjettdisiplin som Holen sjølv demostrerte når han var helse- og sosialsjef i Vågå kommune. 

Økonomien i Vågå er og har i mange år vore trang. Enorme låneopptak og mangel på politiske prioriteringar har ridd Vågå som ei mare i fleire tiår. I 2018 hadde Vågå i følgje SSB ei lånegjeld på svimlande kr 78 171 per innbyggjar samstundes som mange oppgåver står uløyste. Eg har sjølv vore aktiv i ulike roller i samfunnsdebatten i Vågå gjennom 30 år, og dette er fyrste gongen eg har registrert at SV har adressert dette problemet. Det er difor med glede eg registrerar dette engasjementet.  

I sitt innlegg uttrykkjer Vågå SV uro for at den førebelse rekneskapsrapporten for dei fyrste fire månadane i Vågå syner at det ligg an til eit meirforbruk i Vågå kommune som kan ende på seks millionar kroner. Vidare er dei uroa over at kommunestyremedlemane ikkje har foreteke seg noko med omsyn til dette for å korrigere kursen – men avventar til september, som dei påpeikar er berre fire månadar før endt budsjettår. Samstundes ser det utifrå protokollen frå kommunestyremøtet 04.06. ikkje ut til at SV sjølve har teke noko initiativ til å foreta seg noko med omsyn til meirforbruket i kommuna.  

Vågå SV teiknar i sitt lesarbrev bilete av det som kan framstå som eit tafatt kommunestyre. «Vågå treng meir enn berre ein finger på rattet», skriv dei og syner samstundes til at eit for høgt driftsnivå må møtast med tiltak i tide. Det er eg samd i, men da må eg minne om Holen sin eiga budsjettdisiplin når han forvalta den største budsjettposten i Vågå kommune. Tidlegare helse og sosialsjef i Vågå gjennom mange år stiller nå som ordførarkandidat for Vågå SV ved haustens val. Ein stutt kikk på budsjettdisiplinen gjennom 6 av dei åra han var sjef for denne sektoren, syner eit overforbruk i millionklassa kvart år. Frå 2007 til og med 2012 var det gjennomsnittleg budsjettsprekk på kr. 3,25 millionar gjennom ei periode på 6 år. Totalsprekken gjennom perioda er da samla på  kr.19,5 millionar. Det er utan tvil gledeleg at Vågå SV med Svein Holen i spissen er oppteken av den kommunale økonomien, men nemde «record» som sektorleiar med busjettansvar syner noko anna. Er det grunn til å tru at det økonomiske ansvaret vil bli større som politisk leiar enn som administrativ leiar?  

Det er godt å sjå at Vågå SV adresserar økonomien i Vågå som eit problemområde kor politikarane våre lyt ta grep. Her bør alle gode krefter samlast for å få økonomien på rett kjøl. Eg er også heilt samd i at politikarane lyt, for å bruke SV’arane sine ord, ha meir enn ein finger på rattet for å få på plass ein sunn og bêrekraftig kommuneøkonomi. I den forbindelse er Svein Holen sine erfaringar med å forvalte kommunale budsjettpostar svært interessante å ha med seg inn i den politiske verkstaden som lyt finne stad for å levere gode, kommunale tenester til det beste for alle innbyggjarane i kommune.

Artikkeltags