Konsesjon og dei (veldig) lange linene

Av
DEL

Leserbrev 

Fleire sal av landbrukseigedomar og søknader om konsesjon i Vågå den siste tida har aktualisert spørsmålet om sjølve målsettinga i slike saker: busetting, drift av jorda og sist i eit brev til kommunen frå Fortidsminneforeningen: vern av kulturminner. Eg er over snittet interessert i historie og kulturminner, men eg er og oppteken av at kommunens ansvar for å ta vare på desse ikkje kan vere tufta på tilfeldige initiativ og nostalgi, men på kunnskap og heilskapleg tenking.

Og for å presisere først som sist: eg, og Vågå Sp, meiner vi skal ha eit variert landbruk i Vågå, der ein skal legge til rette for både små og store bruk. Alle som eig og driv gard skal få best mogleg hjelp. Dei sakene det her er snakk om, er når ein gard ikkje berre skiftar eigar, men og kan bli slått saman med ein annan. Dette er eit avgrensa tal saker, men av stor prinsipiell betyding fordi dei endrar ved sjølve strukturen.

I eit langt tidsperspektiv vil ein sjå at det sjeldan eller aldri har vore faste strukturar, men ei kontinuerleg rørsle med deling og samanslåing, kjøp og sal, nedlegging og nyrydding av gardar og bruk. Dei fleste gardane i Vågå var (så langt vi kjenner til) etablert i mellomalderen, fleire var delt på i to eller fleire bruk i hundreåra fram mot reformasjonen. Svartedauden la mange bruk aude, og vi må heilt ut på 1600-talet før alle audegardane igjen var i drift.

Husmannsplassar var sjeldne, men kom for fullt på 1700-talet. Da opplevde vi ein eksplosiv befolkningsvekst. Kongen la restriksjonar på deling av bruk, det ville bli for små einingar og mindre i skatteinntekter. I staden fekk dei som ikkje hadde gard rydde seg ein plass, anten på grunnen til ein gard eller i allmenning.

I 1775 fekk Gerhard Schøning av presten i Vågå opplyst at det var 180 gardar i heile soknet (Vågå og Sel). Etter kor mykje skatt dei betalte delte han dei inn i 55 fullgarder, 55 halvgarder og 70 audegardar. Og ”Huusmands Pladsene kunde sikkert regnes for 150 eller fleere, af hvilke dog neppe 10 ere saadanne, at de kunne nære deres Paaboere.”

Veksten i husmannsplasser heldt fram i enda 100 år til, og førte til stor armod. Hamskiftet i jordbruket, utvandring til Amerika og auka urbanisering kom omlag samtidig midt på 1800-talet. Mange av dei små husmannsplassane, allmenningsbruka og smågardane vart liggjande aude eller kjøpt opp og slege saman med andre. Mange av desse finn ein ikkje lenger spor etter i dag. Dette heldt fram til langt ut på 1900-talet.

Eit trekk ved det norske samfunnet som er eldre enn bruksstrukturen, er at vi er og har vore eit relativt egalitert samfunn. Det har vore liten forskjell på fattig og rik, og ein bonde kunne vere ein halden mann. At vi ikkje har hatt føydalsystem med godsherrar og leiglendingar, og lite handel og næring i byane, har også gjort forskjellen på by og land liten.

Dette er ein styrke ved det norske samfunnet, og som skil oss frå dei fleste andre europeiske land. For å kunne halde fram med eit slikt likestilt samfunn, så må bøndene si inntekt og levekår halde tritt med levestandarden elles. Med den enorme veksten vi har hatt ein generasjon eller to, krev det også mykje av gardane. Landbruket har opplevd store krav til omstilling Sjå på korleis dette skal skrivast, sikkert ei betre formulering. Men det er ma krav til lausdriftsfjøs mm. .

Etterkrigstida har vore prega av rasjonalisering, men og stor grad av auka velstand. Ein større og samansett arbeidsmarknad gjorde at fleire kunne halde fram drifta på små einingar kombinert med anna arbeid. Den siste generasjonen har vore prega av mange nedlagde bruk, og det er blitt færre, men større bruk. Igjen.

Vi meiner det er viktig å ta vare på kunnskapen om heile denne lange historia, men det er ikkje mogleg å ta vare på alt. I kva grad tek vi som storsamfunn oss råd til å verne historia, og kva for historisk bilete er verneverdig? Historiske argument aleine kan ikkje være avgjerande for framtidas konsesjonspolitikk. Jordbruket har vore gjennom så mange endringar og skifte at bruks-strukturen må finne si form i samtid og framtid.

Men har vi råd til å la fine, gamle gardar og tun gå tapt? Som historikar vil eg seie at det er viktigare for fellesskapet å sikre kunnskap og ta vare på dei svakaste si historie, husmannsplassane og dei små husa. Der har vi allereie mista det aller meste. Er større gardar meir verd å verne, og treng alle same vern? Og kva for historisk bilete skal vi ta vare på, litt av alt frå langt attende, eller eit augneblikksbilete frå ein gong på 1800-talet?

Det er gode argument for at kommunen skal ta meir omsyn til kulturminne. Eg ønskjer innspelet frå Fortidsminneforeningen velkommen, og håpar vi kan få ein god debatt om både mål og verkemiddel for å nå desse måla.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags