Gjendegarden – kommunal eigedom til glede for alle i Vågå

Gjendeosen: Gjendegarden ligg på andre sida av Gjendeosen. Dette er to hytter som Vågå kommune overtok i 1974 og fram til i dag har vore disponert av tilsette og folkevalde.

Gjendeosen: Gjendegarden ligg på andre sida av Gjendeosen. Dette er to hytter som Vågå kommune overtok i 1974 og fram til i dag har vore disponert av tilsette og folkevalde.

Av
DEL

LesarbrevSju år etter at Bygdalista foreslo det fyrste gongen, har Bygdalista no fått gjennomslag for at Gjendegarden skal vera tilgjengeleg for alle busette i Vågå kommune.

Gjendegarden har i ei årrekkje vore tilgjengeleg for tilsette i Vågå kommune til ein overkommerleg pris. Det er mange tilsette som set stor pris på denne ”goda”. Trass dette har det vore relativt lågt belegg på hyttene. Mange av innbyggjarane i Vågå kommune har ikkje eiga hytte. Mange har heller ikkje økonomi til å investere i ei slik. Bygdalista ønskjer å leggje til rette for at alle innbyggjarar skal ha tilgang til denne plassen. Når vi har ein så verdifull kommunal eigedom, som i tillegg har relativt lågt belegg, meiner vi det er rett og rimeleg at alle busette i Vågå kommune får tilgang til hyttene.

I kommunestyremøte den 04. juni kom Bygdalista på nytt med framlegg om å opne Gjendegarden for alle innbyggjarane i Vågå, men at tilsette skulle ha fyrsteretten. Denne gongen fekk vi gjennomslag med støtte frå Vågå Senterparti. Med paroler som ”Alle skal med” og ”For de mange – ikke for de få”, stemde AP og SV i mot forslaget.

Bygdalista vil også etter valget til hausten arbeide for gode løysingar for alle innbyggjarane i Vågå kommune.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags