Skulen i Vågå

Av
DEL

LesarbrevMåndag 13. mai arrangerte vi i Vågå senterparti eit ope møte om skulen i Vågå. Målet var å skape engasjement og gjere skule til ein viktig sak fram mot valet og inn i ny kommunestyreperiode. Det lukkast vi med, om ikkje heilt slik vi hadde tenkt. Når vi diskuterer skule må det nemnast at for berre åtte år sidan var Vågå ein av dei kommunane i landet som skåra lågast på nasjonale prøver. Etter initiativ frå departementet vart vi med på eit utviklingsprosjekt, og med ein formidabel innsats frå skulen, og lærarane spesielt, har vi sett ei klar forbetring av resultata. Dette har vore eit godt arbeid, og skulen fortener ros for det. Men om ein konsentrerer seg om noko, kjem andre område i skuggen. Det er på tide å sjå på andre område.

Vi er einige med rådmannen og er bekymra for elevane si psykiske helse, slik det kjem fram i årsmeldinga som er sak til kommunestyret 4. juni. Vi er glade for at temaet blir løfta fram, men er opptatt av at problemet er meir samansett enn at det løysast av ei stilling åleine. Ei auke i psykiske lidingar og stress blant barn og unge er eit stort problem som har oppstått over tid. Det er eit nasjonalt problem, men vi må ta tak i det lokalt. Vi må sjølvsagt sikre at det finst hjelpetilbod til dei som treng det, men vel så viktig er det å unngå at så mange slit i skulekvardagen og på fritida. Vi må ha ein heilskapleg politikk for gode oppvekstvilkår. Eit av dei punkta som lærarane sjølve har peika på, er behovet for tydeleg leiing. Av ulike årsaker har det vore lite kontinuitet i skuleleiinga i Vågå, og vi er fortsatt utan fast kommunalsjef for oppvekst. Dette er ei viktig sak for oss. Å få på plass kontinuitet og langsiktig planlegging i skuleleiinga må vere ein prioritert oppgåve skal vi få tilstrekkeleg nytte av dei tiltak vi vel å sette i gang. Vi treng ei leiing som både gjev tydelege rammer og mål for arbeidet, samstundes som kvar enkelt lærer og lærarteam får frihet og handlingsrom i utforming av eiga arbeid.

Det har vore kutt i skulen, og det har to årsaker, det er generelt mindre rammer for kommuna og det er nedgang i elevtal. Dette har (som fagforbunda skreiv i lesarinnlegg i Norddalen 22.5.) særleg ført til kutt i tilleggstenester. Med manglande kontinuitet i leiinga og svekka tilleggstenester, har lærarane fått fleire oppgåver og større ansvar i skulen. Å gje lærarane tilbake meir av tida til primæroppgåvene som lærar, er etter Vågå Sp sitt syn, heilt avgjerdande for å lukkast på lang sikt med å styrke skulen. Både fagleg og sosialt. Korleis ein skal gjere dette er det ikkje full enighet om, ikkje mellom partia, ikkje i leiinga og ikkje i lærarkollegiet. Komplekse problemstillingar opnar for eit mangfald av løysingar. Og då er vi tilbake til vårt mål med å invitere til skulemøtet: vi må sette skule på den politiske dagsorden igjen. Til møtet inviterte vi Stortingspolitikar Marit Knudsdotter Strand som sit i utdanningskomiteen. Det Marit la vekt på var både elevane og kommuna sitt relativt store handlingsrom til å påverke eigen skule. Rett nok kjem det rammer både i form av læreplaner, lovpålegg og økonomi frå nasjonalt hald, men innafor dei er det mykje vi kan bestemme og vektlegge sjølve.

Dei kommunane som lukkast best i arbeidet med skulen, er dei som tek bevisste val og er tydelege skuleeigarar som nyttar det kommunale handlingsrommet. Skal vi skape ein god skule og eit godt oppvekstmiljø for våre barn og unge, så må vi starte her. Kva vil vi med skulen? Vågå senterparti vil styrke samhandling om utviklinga av skulen. Opplæringslova §9-A set elevane sitt skulemiljø i fokus. Her vert det lagt vekt på å lære god samhandling mellom elevane, og mellom elevane og dei vaksne. Dette er noko vi veit har vore arbeidd godt med i Vågå skulen, og som vi vidare framover må leggje sterkt vekt på. I dette arbeidet må det vera god samhandling mellom heim og skule, og vi treng spesifikk kompetanse til å utføre delar av dette arbeidet. Politikarar, skuleleiing, foreldre, tilsette, helsetenesta, foreldre og elever må bli invitert med i arbeidet for skulen. Av dei sakene vi ønskjer å jobbe med, er til dømes: Lekser. Elevene peiker på dette som ein årsak til stress og prestasjonsangst. Korleis bruker vi lekser i skulen, kva læringseffekt har det?

Program og satsingsområde. Skulen har mange ulike satsingar, både faglege og dei som går på det sosiale miljøet. Det bind ressursar, og det er nødvendig med kritisk gjennomgang for å sikre at det vi gjer blir gjennomført godt, heller enn at vi gjer mykje halvgodt. Styrke praktiske fag. Vi følger spent med på arbeidet med nye lærerplanar som regjeringa snart skal legge fram, og vil sikre ei størst mogleg vekting av praktiske fag og metode i

innføringa av desse. Fysisk og psykisk helse. Vi vil styrke arbeidet for meir fysisk aktivitet i skulen og på fritida, sikre gode og trygge møteplasser utanom skuletid gjennom å styrke lag og organisasjonar. Vi vil jobbe vidare for tidleg innsats, og for eit betre sikkerheitsnett som fangar opp dei som slit tidlegare enn i dag. Skulen er noko av det Vågå senterparti ønskjer å jobbe meir med. Ein god skule og eit godt oppvekstmiljø er noko av det beste vi kan gje dei som veks opp i Vågå. Dette er viktig, og må få større plass på den politiske dagsorden enn det har hatt dei siste åra.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags