Rådmann Ådne Bakke har i ein e-post til Sigurd Rønningen sagt opp avtala som Vågå kommune hadde med Gull og Gråstein. Rådmannen ber i same e-post om at kommunen får dei naudsynte tilgangane til Vågåleve samt bilder og anna materiale som kommunen har eigarskapen til.

- Kommunen har gjort ein del disposisjoner internt med tanke på at eg slutter som rådmann i desse dagar. Dette inneber at vi dekkjer sjølv, innanfor eksisterande ressurser, dei oppgåvene vi må fylgje opp medan Live Brimi som næringskoordinator er ute i permisjon, skriv Bakke i e-posten.

Norddalen har vore i kontakt med Rønningen som ikkje ønskjer å kommentere saka på nåverande tidspunkt.

Ordførar Iselin Jonassen avviser på det sterkaste at det er Rønningen sitt engasjemenet i sentrumssona og Brustugujordet som er grunnen til at kommunen seier opp avtala.

- Alle har ytringsfridom og vi kan ikkje si opp avtaler av den grunn. Saken er den at ramma for avtala var brukt opp. Rådmannen har funne rom for å løyse desse oppgåvene internt til Brimi er attende, seier Jonassen.

Ho legg til at tenesteleiar kultur og næring, Tora Sandbu, nå er attende frå permisjon. I løpet av våren er også Brimi på plass att etter permisjon.

Norddalen har fått tilgang til kontrakta mellom kommunen og Gull og Gråstein. Der er det spesifisert kva oppdrag selskapet skal gjera for kommunen og kontrakta har ei kostnadsramme på 85.000 kroner