Inviterer til gratiskonsert

Roleg musikk: – Folk kan vente seg roleg kyrkjemusikk, fortel Tor Hølmo som håper dei greier å fylle Vågåkyrkja.

Roleg musikk: – Folk kan vente seg roleg kyrkjemusikk, fortel Tor Hølmo som håper dei greier å fylle Vågåkyrkja.

Sundag 21. januar inviterer Vågå Musikkforening og Reidar Svare til konsert i Vågåkyrkja.

DEL

– Vi hadde lyst til å gje noko attende til Vågåbygda og fann ut at ein gratiskonsert i Vågåkyrkja kanskje ville glede mange, seier Tor Hølmo.

Han fortel at dei fyrst hadde tenkt å halde konserten før jul, men fann ut at folk kanskje hadde betre tid ein sundag på nyåret. Vågå Musikkforening har i dag 21 aktive medlemmar, der i blant tre frå Sel.

– Vi slit litt med rekrutteringa. Det begynner å bli høg gjennomsnittsalder hjå oss.

Derfor prøver dei å samarbeide godt med skulekorpset i håp om at dei vil vere med så lenge at dei kan bli med i musikkforeininga. Musikkforeininga håper også å få til opplæring på treblås noko som har vore mangelvare i seinare år.

Artikkeltags