Måndag kjem konfirmantane

Bøsser: Celin Skålsveen-Sveahaugen, Oline Vestad, Even Åldstedt Løken og Amund Tessnes.

Bøsser: Celin Skålsveen-Sveahaugen, Oline Vestad, Even Åldstedt Løken og Amund Tessnes.

– Ta vel i mot Vågåkonfirmantane når dei kjem på døra di med bøsse måndag ettermiddag.

DEL

Oppmodinga kjem frå Vågå Kyrkjekontor.

Måndag 8. april samlar konfirmantane inn pengar til Kirkens Nødhjelp og tema for årets landsomfattande innsamling er vatn. Nær halvparten av verdas befolkning bur i dag i område som opplev vassmangel minst ein månad i året, og det er viktig at vi alle syner engasjement rundt krisa. For 200 kroner kan du gje eitt menneske sikker tilgang til reint vatn livet ut.

Artikkeltags