Idrettslag ønskjer bilete til jubileumsbok

Anders Lien er dagleg leiar i Vågå IL.

Anders Lien er dagleg leiar i Vågå IL. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I 2019 vil Vågå IL feire 100 år. I samband med dette vil dei gje ut ei jubileumsbok om idrettslaget si historie.

DEL

Til jubileumsboka ønskjer idrettslaget eit større utval av bilete, som kan nyttast til å illustrere historia til Vågå IL.

Det kan til dømes vere bilete frå arrangement, deltaking på stemner utanbygds og frå trening og kampar.

Konkurranse

I samband med dette starter Vågå IL ein konkurranse, der alle som sender inn bilete innan 28. februar er med i trekninga av premiar.

Dagleg leiar i Vågå IL, Anders Lien, opplyser i ei pressemeliding at bileta vil bli returnert til eigar etter at boka er produsert.

Informasjon om bileta

- Bileta må merkast med navn og adresse på eigaren, og helst ein beskrivelse av biletet med så mykje informasjon som mogleg, seier Lien i pressemeldinga.

Mathias Øvsteng er engasjert som redaktør av boka.

Artikkeltags