– Ta deg tid til å svare

Spørjeskjema: Mona Sveen oppmodar alle som får spørjeundersøkinga i posten om å svare. I Vågå er det Lions som skal køyre ut spørjeskjema. Foto: Helene Hovden

Spørjeskjema: Mona Sveen oppmodar alle som får spørjeundersøkinga i posten om å svare. I Vågå er det Lions som skal køyre ut spørjeskjema. Foto: Helene Hovden

Artikkelen er over 1 år gammel

I veke 36 går startskotet for den siste store folkehelseundersøkinga i Oppland. 1.000 husstandar i Vågå vil få spørjeskjema.

DEL

Oppland fylkeskommune og kommunane ønskjer å få inn nye data om korleis det er å leve og bu i Oppland. 25 kommune r Oppland skal delta i undersøkinga, og 1.000 husstandar i Vågå vil få eit spørjeskjema om faktorar som er avgjerande for folkehelsa.

Låg svarprosent sist

Den førre store folkehelse- og levekårsundersøkinga i Oppland vart gjennomført i 2014. Også den gongen var Vågå med, men svarprosenten var låg.

Nå håper Folkehelsekoordinator i Vågå kommune, Mona Sveen, at fleire tek seg til å svare på spørsmåla.

– Svara er viktige for dei som skal utarbeide planar i kommunen, for førebyggjande arbeid og for at vi skal kjenne til kva oppfatning vagveren har av korleis det er å bu i Vågå.

I spørjeskjemaet er det spørsmål om trivsel, livskvalitet, tilhøyrsle, livsstil, nærmiljø, arbeids-, bu- og utdanningsmoglegheiter og andre faktorar som er viktige for folkehelsa.

Sveen oppmodar alle, uavhengig av helsetilstand og alder, om å sende inn sine svar.

Deltakarane oppmodast til å svare på internett, og bli med i trekning av gåvekort og flaxlodd.

Den kommunen som har høgast svarprosent blir premiert med midlar til eit godt folkehelsetiltak.

Artikkeltags