Oktoberfest i fjellheimen

Planlegg: Tor Erik Moen frå Besseggen Fjellpark, kjøkensjef Bjørn Ekerbakke frå Bessheim, Olav Kjæstad frå Skogen Entreprenør, Marius Haugaløkken frå Gjendesheim, Tor Andvord frå Eventlink og Jon Ymbjørgøyen frå Gjendesheim har hatt jamlege planleggingsmøte sidan februar.

Planlegg: Tor Erik Moen frå Besseggen Fjellpark, kjøkensjef Bjørn Ekerbakke frå Bessheim, Olav Kjæstad frå Skogen Entreprenør, Marius Haugaløkken frå Gjendesheim, Tor Andvord frå Eventlink og Jon Ymbjørgøyen frå Gjendesheim har hatt jamlege planleggingsmøte sidan februar.

I fjor lyfta 500 oppstemte gjestar, kjøkensjefar i storslag og musikarar i toppform nesten telttaket ved Gjende. I år siktar dei enno høgare.

DEL

Vi gir deg lokale nyheter. Prøv oss – 5 kr for 5 uker

I haustferien, 29.september til 8.oktober, arrangerer reiselivsbedriftene i Sjodalen Jotunheimen Reinsdyrfestival. Den skal avsluttast med eit todagars etegilde.

– Vi ser fram til ein heidundrande fest med god mat, god musikk og god stemning i storteltet på Besseggen Fjellpark laurdag kveld, den 7. oktober.

Det seier arrangørane som har jamlege planleggingsmøte heilt sidan februar.

I haustferieveka blir det eit breitt spekter av aktivitetar i Sjodalen. Alt frå rein spa til rein oppspinn ved kleberpeisen. Gjendebåten går kvar dag, det blir guida tur til reinflokken med gjetarane i Vågå Tamreinlag, Sofie Kleppe skal ha barnecamp med ulike handverksaktivitetar og det blir Sjørøvercruise på Gjende. Det blir også moglegheit til å oppleve Jotunheimen frå hesteryggen.

Sjodalen har ei rik kulturhistorie når det gjeld reinen. Reingjetar og fjellfotograf Jan Stokstad skal ha ljosbiletføredrag, det same skal Anders Svare og Steinar Håkenstad om tamreindrifta og Stig Ottervik viser samiske måtar å utnytte reinskjøttet på. For å nemne noko.

Festivalbussar

Rock `n Rein er avslutninga på Jotunheimen Reinsdyrfestival. Fredag kveld brakar det laus i storteltet på Besseggen Fjellpark. Her blir det spelt irsk musikk, servert pølser og noko godt i glaset.

På dagtid laurdag 7. oktober inviterer arrangørane til handverks- og matmarknad for heile familien ved Sjoas breidder. Her blir det salsbuer, ymse aktivitetar musikk og moglegheit til å kjøpe seg ein matbit.

Når kvelden senkar seg inviterer dei til haustens store fest og etegilde på Besseggen Fjellpark. Det gedigne teltet kan huse fleire hundre gjestar. Her blir det heilgrilla reinsdyr og andre varmrettar henta frå Reinens rike. Samt speket reinskjøtt og andre spanande kaldrettar. Det blir irsk musikk og arrangørane lovar at dinnershowet «Av full hals- allsong på grensa» skal lyfte taket på teltet og snu haustfjellet på hovudet.

For å gjere det enkelt for folk er det sett opp festivalbuss mellom Bessheim og Gjendesheim til Besseggen Fjellpark både fredag og laurdag. Laurdag kveld er det også sett opp buss frå Vågåmo og Beitostølen slik at folk kan setje att bilen heime når dei skal til fjells.

- Eit betre høve til å takke av fjellsommaren skal du leite lenge etter, seier arrangørane.

Artikkeltags