Bilbrann i Vågå

Foto: Arkiv

Foto: Arkiv

Torsdag kveld melde politiet i Innlandet på Twitter at dei hadde fått melding klokka 18.55 om at det brann i ein bil i Vågå.

DEL

Bilen sto parkert inne i ein verkstad på ein låve. Brann Innlandet melde seinare at dei var på plass og hadde starta sløkkingsarbeidet. Bilen var da blitt dytta ut av låven.

Ein person fekk i seg røyk i forbinding med sløkking av brannen. Personen vart undersøkt av helsevesen etter hendinga.


Artikkeltags