Vågåskulane, utvikling eller stagnasjon?

Av
DEL

MeningerDet er for oss merkeleg å lesa i avisa at formannskapet kjem med forslag om så drastiske kutt i skulen som å leggje ned ei rektorstilling. Vi meiner det er mange negative konsekvensar ved eit svekka fokus på pedagogisk leiing. For det første gjev god pedagogisk leiing betre skule for ungane. I tillegg fører auka press på leiinga til at oppgåver blir flytta nedover i systemet , eller at viktige oppgåver ikkje blir utførde i det heile teke. Det er ikkje slik at kontaktlærarar og teamleiarar har plass i sine stillingar til meir administrativt arbeid, og da går vinninga opp i spinninga. Lærarane vil måtte bruke meir av tida si på administrativt arbeid, noko som igjen fører til at det det blir mindre tid til den å følgje opp elevane deira. Og er det noko som påverkar læring så er det nok tid til å skape ein god relasjon mellom lærar og elev.

Ein annan ting som er viktig , er å sikre det gode utviklingsarbeidet som er i Vågåskulen. Resultata frå dei nasjonale prøvane er på veg opp og vi har gode rutinar rundt det pedagogiske utviklingsarbeidet. I år kan vi saman seie oss nøgde med at vi har eit resultat godt over, eller på landsnitt i både engelsk, rekning og lesing både på barne- og ungdomssteget. Blir det kutta i administrasjonen ved skulane vil dette arbeidet få svekka fokus. Vi meiner det er heilt naudsynt å ha oppretthalde den administrative ressursen ved skulane for å kunne drive dette arbeidet vidare. Det å jobbe med pedagogisk utviklingsarbeid er den viktigaste jobben til ein rektor. Ein rektor som skal drifte to ganske store skular, blir ein rein administrativ leiar. Kven skal da ta jobben med å vidareføre det viktige pedagogiske utviklingsarbeidet? Når det gjeld innføring av 1-10 skule er vi inneforståtte med at dette kjem til å skje, men i fylgje rapport, som vart framlagt for kommunestyret i september, bør dette skje med pedagogisk plattform og felels rutinar ved dei ulike skulestadene. Den stadfestar at

Vågåskulen må få tid til å gjera til ein fruktbar og ryddig prosess for alle, slik at ein tek med seg vidare det beste frå kvar kultur. Dette kan ikkje skje over natta, slik som politikarane i Vågå nå foreslår. Ei slik omorganisering tek tid, og det bør det for at resultatet skal bli best mogleg. Det må og vera ei pedagogisk vinning i denne løysinga, og det har vi vanskar for å sjå slik det er foreslått nå.

For dei tilsette er det med nærleik til leiar svært viktig. Det at ein kan møte ei ope dør, eit godt råd, ein god pedagogisk diskusjon og ikkje minst ei nærleik til tar avgjerslene og har det store overblikket er viktig i kvardagen vår. Vi stiller oss undrande til kvar rektoren skal sitja, for som og rapporten frå i haust og slo fast, er det viktig med eit bygg som rommer alle dei tilsette, for å få til ei funksjonell løysing på felles rektor og skule. Slik det er nå i dag har vi ikkje ein gong eit personalrom som er stort nok for heile personalet på ved skulane. Dette vil igjen føre til at det blir to personalmøte som ein rektor skal drive, kvar veke. Samt alle andre møter som rektor er med på i løpet av ei veke. Det blir ikkje mykje tid til oppfylging av personalet.

Vi håper og trur at politikarane les nøye gjennom alle høyringsuttalane som er kome, og at dei tek ei god avgjerd den 12.desember. Vi vil oppmode kommunestyret om å fjerne forslaget til formannskapet om å etablere felles rektor for Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule på det noverande tidspunkt, og ikkje leggje kulturskulen inn under ein grunnskulerektor. Vi meiner at det ikkje er mogleg å gjera denne endringa, og samstundes oppretthalde ein forsvarleg drift av Vågåskulane.

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags