Politisk styring og demokratisk underskot i Vågå

Av
DEL

LesarbrevI eit innlegg i Norddalen skriv ordførarkandidat for SP i Vågå, Mette Vårdal eit innlegg om den

politiske styringa i Vågå. Ho peikar på tre problemområder, mellom anna at «alt for mange store

saker løfta ut av dei politiske fora og inn i utval der politikarar, administrasjon og andre blir informert og diskuterer, men utan formelle politiske vedtak» og Vårdal hevdar at mindre krav til sakspapir gjer sakene mindre opne for innsyn. Utan å kjenne til korleis det politiske arbeidet i Vågå fungerar i detalj i dag, kan eg på generelt grunnlag seia at dette er eg enig i.

Eg er i det store og det heile samd i det meste av det ordførarkandidaten til Vågå SP skriv. Når eg satt i kommunestyret i perioda 2011-15 refererte GD i enkelte høve heller frå AP sine medlemsmøter enn frå kommunestyremøter. GD skreiv i ei redaksjonell sak før budsjettmøte i kommunestyrt i 2014: «dermed er saka ute av verda for denne gong». Kommunens høgaste folkevalde organ var med andre ord nedgradert til eit sandpåstrøingsorgan for medlemsmøta i AP og det demokratiske underskotet var stort.

Vi gjorde også i programavisa til Bygdalista i 2011 intervju med ein daverande vararepresentant for AP i kommunestyret som fekk tildelt lappar over kva han skulle stemme for og mot når han møtte som vara. Etter fire år som vararepresentant for AP-styret som Vårdal var ein del av konkluderte han den gongen med følgjande: «I Vågå Ap er det 3-5 personar som bestemmer alt på vegne av alle dei andre bak lukka dører, ein slags “gutteklubben grei». Dette regimet var Vårdal definitivt ein del av som hovudutvalsleiar og formannskapsmedlem, før ho meldte overgang frå AP til SP - og det var svært liten grad av audmjukheit å spore frå AP angåande samtaler, diskusjonar og møter bak lukka dører utan noko offentlege møtereferat den gongen. Når vi kom til kommunestyremøta vart difor nyansane ofte, slik eg og fleire i opposisjonen opplevde det, borte.

Det kan verke som ein har lettare for å akseptere brutale fleirtalsmekanismar om ein er del av det sjølv, noko ordførarkandidat Vårdal si endra haldning til korleis politiske avgjerder skal fattast dokumenterer på ein god måte. Det er lov å håpe at Vårdal ikkje fell tilbake til gamle synder om ho skulle bli vald til ordførar i Vågå etter hausten val.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags