Vil du lære meir om Vågåkyrkja?

Kveldsseto: Martin Kleiven fortel om kyrkja.

Kveldsseto: Martin Kleiven fortel om kyrkja.

Artikkelen er over 1 år gammel

Har du fundert over kven av gardane som hadde dei ulike kyrkjebenkane eller kanskje du er interessert i å høyre meir om bygningsdelane frå rundt 1150?

DEL

Dette og mykje meir kan du få svar på når Vågå Historielag ber inn til kveldsseto i Vågåkyrkja onsdag 8. august.

Martin Kleiven vil fortelje om kyrkjebenkane, om stupulen og kyrkjeklokkene, bygningsdelar frå eldre kyrkje, orgel og gravsteinar.

Fakta om Vågåkyrkja

Opphavleg var Vågåkyrkja ei stavkyrkje tidsfesta frå perioden 1150–1200. På grunn av endra behov vart denne kyrkja reven rundt 1625, og arbeidet med den nye kyrkja tok til.

Trevirke frå den gamle kyrkja vart nytta til bygginga av Vågåkyrkja slik vi kjenner ho i dag. Mellom anna vart dei utskorne veggplankane frå den gamle kyrkja sett opp att ved hovudinngangen.

Her er Vågåkyrkja og Finna fotografert under flaumen i 1938. Fotograf var Ansgar Brekke. Utlån: Vågå Historielag

Artikkeltags