Konfirmantane kjem på døra di

Klare: Vågåkonfirmantane er klare for Fasteaksjonen.

Klare: Vågåkonfirmantane er klare for Fasteaksjonen.

Artikkelen er over 2 år gammel

– Ta vel i mot Vågåkonfirmantane torsdag 15 mars. Det er oppmodinga frå Vågå Sokneråd v/Kirkens Nødhjelpskontakt, Erik Lillebråten.

DEL

Denne ettermiddagen går Vågåkonfirmantane frå dør til dør med bøsser frå Kirkens Nødhjelp for å samle inn pengar til Fasteaksjonen 2018.

Vatn og sanitær

Fasteaksjonen har vore arrangert sidan 1967 og kvart år gjer konfirmantane ein flott innsats for å samle inn pengar til dei som treng det mest.

Aksjonen er landsomfattande og tema for i år er Kirkens Nødhjelps arbeid med vatn og sanitær i utsette område kring i verda. 

Aksjonspengane som vart samla inn i fjor har blant anna gått til å gje kongolesiske flyktningar vatn og latriner i flyktningleirane i Angola.

– Alle har id-kort

Kirkens Nødhjelpskontakt i Vågå Sokneråd, Erik Lillebråten håper folk tek godt i mot konfirmantane og ikkje blir uroa om det plutseleg står nokre ungdommar utanfor døra. Han fortel at alle som samlar inn pengar har godkjente innsamlingsbøsser. Dei har også på seg id- kort slik at alle veit

– Ta vel i mot Vågåkonfirmantane når dei kjem på døra di. Dei gjer ein viktig jobb for dei som verkeleg treng hjelp, seier Lillebråten.

Artikkeltags