Kjærkomne julegåver

Til småbarnsfamiliar:Stadfortredande leiar ved Nav Vågå, Kari Flækøy Skjåkødegård, med gåvekorta som Heidi Strømstad og Mona Flatum Moen hadde med frå Småbarnskafeen.

Til småbarnsfamiliar:Stadfortredande leiar ved Nav Vågå, Kari Flækøy Skjåkødegård, med gåvekorta som Heidi Strømstad og Mona Flatum Moen hadde med frå Småbarnskafeen.

I fleire år har Småbarnskafeen gjeve ein sum til småbarnsfamiliar og vanskelegstilte i Vågå før jul. Den nissegleda er dei ikkje åleine om.

DEL

Stadfortredande leiar ved NAV Vågå, Kari Flækøy Skjåkødegård, sit med ein bunke julegåver i form av gåvekort og pengar frå frivillige lag og foreiningar. Desse julegåvene skal NAV gjeva ut til småbarnsfamiliar og vanskelegstilte som dei meiner treng litt ekstra før jul.

– Vi rettar ein stor tatt til alle som kjem med slike bidrag. Folk blir glade for å få noko ekstra før jul, seier Skjåkødegård.

– Fin nisseglede

Det er fjerde året Småbarnskafeen gjev av overskotet etter bruktsalet. I år var det rekordomsetnad på 89.000 kroner. Småbarnskafeen sit att med 25 prosent av salssummen.

– Vi har gjeve 5.000 kroner til NAV kvart år, men slik som salet aukar så kanskje kan vi auke den summen til neste år, seier Heidi Strømstad.

Ho og Mona Flatum Moen overleverte ti gåvekort på 500 kroner kvar til NAV.

– Vi veit ikkje kven som får pengane. Dette er det NAV som styrer, seier Strømstad som tykkjer det er like triveleg å kunne gjeva bort julegåver kvart einaste år.

– Dette er ein fin nisseglede, konstaterer Moen.

I tillegg til gåvekorta frå Småbarnskafeen har også NAV fått gåver frå Sjårdalen kvinnelag, Tessand Hjelpeforeining og Vågå Sanitetsforeining.

Artikkeltags