Heidal vann, Vågå kom på andre plass

Sigrid Heringstad, Simen Helgesen Bakken, Monika Pladsen og Østen Prestgard tok heim sigeren til Heidal.

Sigrid Heringstad, Simen Helgesen Bakken, Monika Pladsen og Østen Prestgard tok heim sigeren til Heidal.

Artikkelen er over 2 år gammel

Heidal vann årets kokkekamp. Vågå sikra 2.-plassen med den beste hovudretten og Lom tok 3.-plassen i årets konkurranse.

DEL

– Heidal hadde den beste pakka, kunngjorde Per Ivar Berget da fyrsteplassen skulle delast ut.

I dag, torsdag, har 9.-klassingane i Nord- Gudbrandsdalen konkurrert på kjøkenet. Sjølv om ingrediensane var dei same for alle laga vart resultata svært ulike. Ingen tallerken var lik da dei vart presentert for juryen.

– Vi hadde ein veldig vanskeleg jobb. Det var fem poeng som skilde 1.-plassen frå den sure 4.-plassen, seier Berget.

Otta gjekk heller ikkje tomhendte heim. Dei hadde laga den beste kjeksen.

Samtidig som laga konkurrerte på kjøkenet var medelevane på elevbedriftsmesse i Vågåhallen. Her vart dei også gjort kåringar. Ein for beste profil, beste produkt/teneste og beste elevbedrift. Elevbedrifta Nasjonalparkriket App gjorde like godt reint bord og fekk fyrsteplassen i alle tre kåringane.

Mari Holen, Elise Ålstedt Løken, Kristian Vestad og Kenneth Kluften frå Vågå kom på 2.plass.

Mari Holen, Elise Ålstedt Løken, Kristian Vestad og Kenneth Kluften frå Vågå kom på 2.plass. Foto:

Meir om kokkekampen i papiravisa torsdag.

Artikkeltags