Endra parkeringsmønster ved Gjende

Slik bli det planlagte bygget ved Gjendeosen sjåande ut.

Slik bli det planlagte bygget ved Gjendeosen sjåande ut. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå 1. februar til 30. mai 2018 må fjellfolket parkere på Reinsvangen.

DEL

Statens vegvesen er i gang med å ruste opp Gjendeosen/Reinsvangen. Arbeidet er omfattande og betyr endra parkeringsmønster for publikum. Gjester til Gjendesheim turisthytte og dei med fast plass på Gjendeosen parkerer som før.

– Statens vegvesen prøver å minimere ulempene for publikum, men byggearbeid synest, høyrest og tek plass og vi ber om forståing for dette, seier Grete Kongshaug, plan- og prosessleiar for Gjendeosen/ Reinsvangen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ingen kiosk i påska

Endringane inneber at frå 1. februar til 30. mai 2018 må publikum nytte parkeringa på Reinsvangen. Sommarsesongen 2018 kan publikum parkere på Gjendeosen.

Det nye parkeringsanlegget på Reinsvangen skal stå klart til sesongen 2019. Besøkande skal

frå den tid parkere på Reinsvangen.

På grunn av byggearbeid er kiosken på Gjendeosen stengt i påska 2018.

Tre byggetrinn

Opprustinga av Gjende er delt inn i tre byggetrinn. I etappe ein får Gjendebåten ny brygge og lager og parkeringa på Gjendeosen blir flytta til utvida parkering på Reinsvangen. Her blir det nytt sørvisbygg med sykkelparkering, sittebenkar og toalett. Parkeringsanlegget skal stå klart til sesongen 2019.

I andre etappe blir det laga vandresti langs Sjoa og ny bru skal knyte nord- og sørsida av elva saman. I siste etappe skal det setjast opp nytt sørvisbygg ved Gjendeosen. Bygget skal innehalde kafé, toalett og informasjon. Målet er at heile anlegget skal stå ferdig i 2023.

Artikkeltags