Vi ser med stor uro på utviklinga i Vågå-skulen

Av
DEL

LesarbrevDet er med stor interesse vi har lese debatten i Norddalen og Fjuken den siste veka, mellom SV, Jan Egil Fossmo og Iselin Vistekleiven, i samband med ressursbruken i Vågå-skulen, særleg knytt til skulehelsetenesta.

Vi ser med stor uro på utviklinga i Vågå-skulen. Grunna den varsla nedgangen i elevtal, står vi ovanfor jamlege kutt i bemanninga. Dette har i stor grad gått utover skulens «tilleggstenester», slik som miljøterapeut, spesialpedagogar, sosiallærar og skulehelseteneste. Samstundes med at denne nedbemanninga skjer, er det ei omorganisering på gang i våre støtteapparat, PPT og BUP, som inneber at lette til moderat alvorlege psykiske vanskar skal handsamast i fyrstelinetenesta – altså skulen.

Dette tyder i praksis at fyrst og fremst kontaktlærarane får ein aukande arbeidsmengd og eit ansvarsområde utanfor deira kompetanseområde. Dei skal ivareta elevanes psykiske helse, ikkje berre deira faglege utvikling. Og god psykisk helse ligg i botn for at læring skal skje. Å vere kontaktlærar i Vågå-skulen er i dag inga ettertrakta stilling grunna dårleg godtgjersle for mykje ekstraarbeid. Det er båe krevjande og belastande å ha ansvar for 20-25 elevar med ulike styrker og utfordringar. Heldigvis er det å arbeide med barn og unge ein jobb med mykje glede, gylne augneblink, stoltheit og meistring, men skulen skal ikkje drivast av gode intensjonar og friviljugheit.

Vi har naturlegvis forståing for at befolkningsnedgang inneber kutt og prioriteringar, men undervegs i denne prosessen er det særs viktig å høyre på dei som står i dette, at prioriteringane ikkje er avgjersler som er teke inne på eit lukka kommunehus. Korkje administrasjon eller politikarar takka ja då vi inviterte dei til ein «følg ein lærar-dag» i fjor for å syne fram kvardagen vår.

Vi ynskjer alle det beste for våre barn og unge, dei er framtida vår. La oss saman, gjennom dialog og felles forståing, satse på dei og finne dei gode løysingane!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags