Arrangerer skredkurs for barn og ungdom i vinterferien

Skredkurs: Ørjan Venås i Gjendeguiden er klar til å lære barn og unge om skredfarar og korleis ein les terrenget.Foto: arkivbilde

Skredkurs: Ørjan Venås i Gjendeguiden er klar til å lære barn og unge om skredfarar og korleis ein les terrenget.Foto: arkivbilde

Gjendeguiden trakkar nye spor og arrangerer skredkurs for barn og unge.

DEL

I samarbeid med Lemonsjøen Alpinsenter, Norsk Fjellsenter og Sparebank 1 Lom og Skjåk arrangerer Gjendeguiden skredkurs på Lemonsjøen for barn og unge mellom 7 og 15 år i vinterferien. Datoane er måndag 25. februar og tysdag 26. februar.

– Så vidt vi kjenner til er det fyrste gongen eit slikt kurs blir gjennomført med så unge deltakarar, seier Gjendeguiden i invitasjonen.

Bakgrunnen for kurset er skredulykkene i Jotunheimen dei siste åra, der det har vore ungar og ungdom involvert.

Som leiar i Skredgruppa Innlandet veit Ørjan Venås så alt for godt kor fort det kan gå gale. Han har tidlegare uttalt at det berre er tidsspørsmål før vi står over for ei dødsulykke att, og er gjennom Gjendeguiden opptatt av å gjere folk meir beviste på korleis dei opptrer ute i terrenget. Nå har turen kome til dei unge.

Kurset vil ha fokus på haldningar, køyremønster og framferd. Deltakarane vil bli delt i to grupper, dei yngste og eldste, for å få best mogleg utbytte.

Kurset er gratis og det er hyra inn kompetente instruktørar.

Kurset har avgrensa plassar så her er det fyrstemann til mølla som gjeld. Påmelding skjer til Gjendeguiden. Ved stor respons vil det bli sett opp ventelister og gjort forsøk på å få med fleire instruktørar.

Artikkeltags