Fekk pengar til skibuss i vinterferien

Midlar frå "Framgang sammen" sikrar skibuss i vinterferien. Dette bildet er frå 2017.

Midlar frå "Framgang sammen" sikrar skibuss i vinterferien. Dette bildet er frå 2017. Foto:

Midlar frå stiftelsen Framgang sammen sikrar gratis buss for grunnskuleelevar i Vågå til Lemonsjøen i vinterferieveka.

DEL

I nokre år har Vågå kommune og Lemonsjø Alpinsenter hatt eit samarbeid om heiskort, skiinstruktør og "skibuss" i vinterferien. Trang økonomi gjorde at Vågå kommune ikkje kunne gå vidare på samarbeidet.

Gjennom midlar etter søknad frå stiftelsen Framgang sammen melder nå Vågå kommune at det vil bli sett opp gratis buss for grunnskuleelevar til og frå Lemonsjøen i vinterferieveka 2019.

Artikkeltags