Gå til sidens hovedinnhold

Vågå og Sel støttar Skjåk

Det kan ikkje vere riktig at Glasopor skal måtte refundere vel 16 millionar til Staten for kostnader vedrørerende opprydding av glasitt etter skadeflaumen oktober 2018.

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Alle trudde at Glasitten låg trygt, ingen klarte å føresjå kva som ville skje. Når staten påstår at du er ansvarleg sjølv om du driver ein lovleg verksemd med godkjente lokalitetar, men har noko i din varetekt som hamnar på avvege på ein måte ingen kunne føresjå da begynner det å bli skummelt å drive næring – eller ei kommune for den del.

Skal vi begynne å «i verstefalls» sikre alt da blir det et dyrt samfunn. Kvar skal grensene gå og kven blir den neste? Ein gardbrukar som misser lageret av handelsgjødsel i eit jordskred, ei kommune som får vaska kloakkslam på elva i eit ekstremvêr eller Miljødirektoratet som i ein storm får spreidd sitt asbesthaldige tak for alle vinder? Kven går konk og kven får sine på NAV?

Nokre gonger er det berre slik at staten må ordne opp og dette er eit slikt tilfelle. Her skal vi støtte Skjåk kommune i arbeidet med å attendevise dette kravet. Slik skal vi ikkje ha det.