Vågå kommune ønskjer ei oversikt over tilgjengeleg helsepersonell

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men arbeider med andre oppgåver i dag? Da vil kommunen kome i kontakt med deg.

DEL

Vågå kommune har lagt ut eit skjema der personar med helsefagleg utdanning eller erfaring kan melde frå dersom dei ønskjer å hjelpe til.

– I første omgang ønskjer vi berre ei oversikt over tilgjengeleg helsepersonell, men dersom vi kjem i ein situasjon med mangel på personell, tek vi direkte kontakt med deg.

For å halde oversikt over alle som ønskjer å bidra, ber kommunen om at alle registrerer seg på dette skjemaet.

Foreløpig er det berre mogleg for frivillige som er utdanna innanfor helse, med minimum fagbrev, å melde seg til helserelaterte oppgåver i Vågå kommune, men behova for frivillig arbeid kan endre seg.

Kommunen vil ta kontakt med dei som er aktuelle. Jobb i kommunale helseinstitusjonar inneber lønn, samt å vere dekka av kommunen sine forsikringar. Alle må kunne vise politiattest.

Artikkeltags