Supplerer med barneskirenn under Heimfjelløpet

Heimfjelløpet: Arrangørane håper at mange stiller til start på årets Heimfjelløp. Dette bildet er frå 2012.

Heimfjelløpet: Arrangørane håper at mange stiller til start på årets Heimfjelløp. Dette bildet er frå 2012.

Artikkelen er over 2 år gammel

I fjor var det svært dårleg deltaking i Heimfjelløpet. I håp om å auke rekrutteringa og nå breiare ut, ønskjer arrangørane å supplere med eit eiga barneskirenn.

DEL

Kvar tysdagskveld myldrar det av ungar i skiløypene på Mån. Med startnummer på brystet fyk dei gjennom løypa som virvelvindar. Arrangørane av Heimfjelløpet håpar dei kan nyte godt av den store aktiviteten, og supplerer med eiga barneskirenn under Heimfjelløpet.

Håper fjoråret var eit unntak

4. mars skal skigruppa i Vågå, i samarbeid med skigruppa i Sjårdalen, arrangere det tradisjonsrike Heimfjelløpet for 44. gong. Da håper arrangørane at det står fleire på startstreken enn det gjorde frå eitt år sidan. I seinare år har om lag 40 stilt til start i konkurranseklassa, og om lag 30 i trimklassa. I fjor var det svært dårleg deltaking, berre 16 som gjekk på tid, og fem i trimklassa. Arrangørane håper fjoråret var eit unntak og at fleire stiller til start att i år.

Går for 25. års pokal

Påmelding skjer på renndagen, fram til start klokka 12.00. Det er oppsett ein vandrepokal i både herre- og dameklassa, som må vinnast tre gongar for å få den til odel og eige. Det er elles eit ”merkeopplegg”, med bronsemerke for fyrste gong, sølv for femte gong og gull for tiande gongen, og vidare eigen pokal for kvart femte år utover det. Inge Eide har gått Heimfjelløpet flest gongar, i 2016 vart det 35. årspokal på han. I dameklassa går Helen Bjørklund for 25. års pokal i år. Vinnarar i fjor var Mari Andersen-Gott, Vågå IL og Arild Skriden, Skjåk IL.

I tillegg til sjølve turrennet på 26 kilometer, går trimklassa ”Lemonsjøen Rundt”, på 14 kilometer.

Helga etter, 10. mars, skal Vågå Il i samarbeid med Tessand IL arrangere GD cup i skicross på Mån. Det er fyrste gongen desse laga arrangerer GD-cup.

Artikkeltags