Det melder Vågå kommune i ei pressemelding onsdag ettermiddag.
Vågå kommune opplyser at dei som får vaksine vil bli kontakta av helsesenteret så ingen treng å ringe inn.
I dag har Vågå åtte i isolasjon og 17 i karantene.
For å vere på den sikre sida vil Dagsenteret og "Inn på tunet" vere stengt fram til 19.01.21.
- Det er særs viktig at alle tek ansvar og testar seg dersom ein har symptom eller har mistanke om smitte. Dei nasjonale retningslinene vart i dag forlenga med ein dag til også å gjelde ut 19.01.21, melder Vågå kommune i pressemeldinga.