Vågå har oppretta ein koordinator for koronaviruset

Frå måndag 9.mars har Vågå kommune oppretta ein koordinator for koronaviruset.

DEL

Vågå kommune melder følgjande:

Vågå kommune følgjer situasjon kring Covid-19 (koronaviruset) tett. Kommunen ber om at innbyggjarane held seg oppdatert om situasjon gjennom informasjon på heimesida og følgjer råd frå nasjonale myndigheiter – Folkehelseinstituttet - fhi.no.

Frå måndag 09.03.20 har vi oppretta ein koordinator for koronaviruset på helsesenteret som kan gje råd og svare på spørsmål. Koordinator kan kontaktast ved å ringe eller sende sms. 95 25 39 90 kl. 9-15 på kvardagar.

Det beste er at folk kontaktar korona-koordinator i opningstida. På kveld eller helg skal dei som er alvorleg sjuke kontakte legevakt på telefon. Legevakta har avgrensa kapasitet og spørsmål som kan vente, rettast korona-koordinator på dagtid.

Vågåheimen er spesielt utsatt pga eldre svekka pasientar. Retningsliner for dette er slått opp på inngangspartiet. Ikkje besøk Vågåheimen, Miljøterapitenesta, Frivilligsentralen eller dagsenteret i Sjårdalen dersom du er i fare for å bringe smitte vidare. Ta kontakt med personell dersom du er usikker.

Har du mistanke om at du er smitta av Covid-19, ikkje oppsøk legekontoret. Ta kontakt pr. telefon. Dette for å avgrense smittespreiing.

Risiko for smitte

Det er risiko for å bli smittet dersom du har oppholdt deg i et område med utbrudd av koronavirus. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for oppdatert informasjon om kva for områder dette gjeld. Det er viktig å oppdage, teste og eventuelt isolere moglege tilfelle tidlig.

Helsepersonell som har forkjølelsessymptom bør kontakte sin leiar for å diskutere/vurdere tiltak.

Smittespreiing i nabokommunane er svært stor og det er grunn til å tru at det vil spreie seg til oss. Av den grunn vil vi vurdere å avlyse større arrangement.

Informasjon blir oppdatert fortløpande.

Vågå kommune har kontakt med Fylkesmannen i Innlandet og følgjer med på informasjon frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet og har daglege statusmøte i kriseleiing. Kommunen har beredskapsplan og rutiner for håndtering av eventuelle smittetilfeller i kommunen.

Sjå også Folkehelseinstituttets nettsider (fhi.no) for informasjon.

Artikkeltags