Gå til sidens hovedinnhold

Vågå følgjer tett med på situasjonen i Sel og Dovre- personar sett i karantene og ventekarantene

Det er nå påvist smitte  i Sel og Dovre kommune og Vågå kommune følgjer tett med på situasjonen. I Vågå er det førebels ingen med påvist smitte, men det er personar som er sett i karantene og ventekarantene. 

Det melder Vågå kommune laurdag formiddag.

- Vi oppmodar alle innbyggjarane om å teste seg dersom dykk har symptom, melder Vågå kommune i ei pressemelding.

Informasjonstelefonen om korona i Vågå er 95 25 39 90. Telefonen er også open laurdag 10.04.21 og sundag 11.04.21 mellom kl. 11-14.

Vågå kommune skriv i pressemeldinga at alle MÅ følge gjeldande smittevernråd:

  • Ha god hand- og hostehygiene
  • Hald 2 meter avstand til andre enn eigen husstand
  • Ha få nærkontakter
  • Test deg ved mistanke om smitte
  • Hugs bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand

- Vi oppmodar alle om å vere lojale mot beskjeder fra legekontoret rundt karantenebestemmelser, skriv Vågå kommune i pressemeldinga.