Før sommaren godkjente kommunestyret i Vågå reguleringsplanen som opnar for nytt terminalbygg på inntil 500 kvadratmeter med publikumstoalett og kafe, oppgradert parkering- og trafikkflyt på Gjendeosen samt fullført landskapsreparasjon, for å nemne noko. Prosjektet er kostnadsrekna til 69 millionar kroner.

Tommelen ned frå fylkesutvalet

Det er eitt år sidan fyrste byggjetrinn var ferdig. Ny brygge med opphaldsrom, ny og utvida parkeringsplass på Reinsvangen med plass til om lag 800 bilar stod klart til sommarsesongen 2019. Prislapp; 100 millionar kroner.

Fylkeskommunen bidrog med over 20 millionar kroner og Vågå kommune med fem millionar kroner i byggjetrinn ein.

Da fylkesutvalet behandla søknad om eit bidrag på 18 millionar kroner til byggjetrinn to i juni i fjor var svaret klart nei. Fylkesordførar Even Aleksander Hagen uttalte den gongen at det fekk vere grenser for kor mykje fylkeskommunale pengar ein skulle bruke på eitt prosjekt.

Forutsetningen for at arbeidet skal kunne starte opp, er eit regionalt og lokalt bidrag på 18 millioner kroner.

– Målet er framleis 2022–2023

Statens vegvesen utviklar Nasjonale turistvegar på oppdrag frå Regjering og Storting. Gjendeosen er eit av tiltakspunkta på Nasjonal turistveg Valdresflye.

Seksjonsleiar Jan Andresen i Nasjonale Turistvegar fortel at det ikkje er noko nytt om finansieringa av det andre byggjetrinnet ved Gjende.

– Byggeplanane er klare og med godkjent reguleringsplan vil det legga til rette for å komma vidare dersom midlane strekker til. Målet vårt er framleis at resten av anlegget skal vera gjennomførast i løpet av 2022-2023, men som du forstår er dette per dato usikkert. Dette føreset også nødvendig nivå på løyvinga til Nasjonale vegar i dei årlege statsbudsjetta for Samferdsledepartementet.

– Betyr mykje

Ordførar i Vågå, Harald Sve Bjørndal, håper finansieringa fell på plass.

-Det betyr mykje for oss i Vågå at det framstår som eit heilskapleg opplegg. Det er litt bortkasta dersom Gjendeosen blir ståande uferdig når dei har fullført Reinsvangen og Flye1389.

Bjørndal meiner det ligg eit visst press på Nasjonale Turistvegar i å gjere det ferdig.

– Vi har ei forventning om at dei gjer frå seg det dei har begynt på.