Solberg-regjeringa fekk gjennomført fleire reformer førre perioden som vi helst skulle vore forutan. Politireforma og regionreforma er to av dei. Med lovnad om nye oppgåver vart kommunar og fylker slege saman, mange mot sin vilje. Slik var det også med Oppland og Hedmark der eit stort fleirtal var imot, men der regjeringa brukte tvang. Ei reform som manglar legitimitet blant folk, gjev eit dårleg utgangspunkt.

Nå er spørsmålet om vi skal halde fram dette tvangsekteskapet eller søkje skilsmisse. Det er nesten underleg å sjå korleis mange maktpolitikar har snudd trill rundt på to år. Frå å vera imot storfylket til å argumentere for. Saman er vi sterkare, seier dei. Dette er ein floskel som blir mykje brukt. Slik sa dei også i Nortura da dei la ned slakteriet på Otta og andre avdelingar, slik seier EU-tilhengarane, og slik seier dei som vil gjera det store enda større. Slik er det oftast. Dei som sit nær makta snor seg etter makta, logra for makta.

Det viktigaste aspektet ved dette er demokrati. Politisk og demokratisk veit vi at storleik styrer deltaking. I Innlandet er det store avstandar og mange kommunar er ikkje ein gong representerte i fylkestinget. Eg er samd med tidlegare statssekretær, Trygve Tamburstuen når han i eit debattinnlegg om «bastarden» Viken seier: «Småskala skaper nærhet og småskalafordelene er oversett i forhold til at en alltid skryter av storskalafordeler som skal tas ut ved sammenslutninger».

Enkelte meiner at vi ikkje kan ta returkamp på alle nederlag, men heller prøve å reparere, gjera det skakk-kjørte, betre. Når borgarleg høgrepolitikk, blir møtt med enda meir høgrepolitikk, skal vi vera på vakt. Det kler sosialdemokratiet dårleg å dilte etter.

Vi ser alt nå, etter to år, at vi går mot ei sentralisering med Hamar-området som tyngdepunktet. Vi merkar det særleg godt innan vidargåande skule som skal vera ein av hovudsektorane til fylkeskommunen. Tilbod blir lagt ned i utkantane, og flytta til sentrale strøk. Særleg forstemmande er det å sjå at mange utkant-politikarar legg seg flate for denne utviklinga. Er det ikkje snart på tide at vi kastar av oss husamannshamen?