Rundt kvart tiande legehelikopteroppdrag blir avlyst eller avbrote på grunn av dårleg ver. For den hardt skadde eller alvorleg sjuke pasienten kan dette vera kritisk. Kvart minutt tel når ein treng avansert medisinsk behandling utanfor sjukehus.

Dette ønskjer Stiftelsen Norsk Luftambulanse å gjera noko med. Ved hjelp av støtta vi får frå våre medlemmar har vi utarbeidd eit satellittbasert navigasjonssystem som gjer det mogeleg å instrumentfly inn mot landingsplassar når sikta er dårleg og verforhalda krevande. Medan ein før var avhengig av god sikt, kan piloten nå fly nesten heile turen i blinde.

I år kan vi glede oss over at Innlandet har fått ei ny slik rute. Det er nødvendig. Når været legg seg som et lokk og blir liggande i fleire dagar er det utfordrande for legehelikopteret å kome ut til pasientar som treng det. Stiftelsen Norsk Luftambulanse har i år finansiert ei innflygingsrute til som går til sjukehuset i Gjøvik, og som kan transportere pasientar som treng behandling på eit universitetssjukehus i Oslo eller Rikshospitalet.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse har til nå finansiert over 80 innflygingsruter til sjukehus, byar og småsamfunn i Norge, og fleire kjem til dei neste åra. Desse kan sjølvsagt brukast av andre som politihelikoptre og redningshelikoptre. Vi er glade for å kunne bidra, i samarbeid med helseforetaka, med å skape ei betre luftambulanseteneste. Takk til alle som støttar arbeidet med å auke tryggheita for oss alle.