Rundt 1960 vart bommen fløtt bort til sagområdet mellom anna for at anleggstrafikken i samband med Veooverføringa til Tesse skulle sleppe å gå gjennom bommen. Da vart det eit skifte mellom ektepara Vassdokken og Borgersen for drifta av bommen.

Tronhus var opprinneleg seter for Ommundgard i Sel fram til 1881. Da kjøpte fjellførar Jens Tronhus (1846 – 1924) setra i Randsverk for 1400 kroner av Johannes Jensen Wiborg i Lom. I dag er det oldebarnet Kristin Borud (67) som eig Tronhus, og ho har drivi eigedomen i lag med ektemannen Tor Henning Evensen (71) sidan dei vart eineeigarar i 2013. Dei møttest som studentar i Bergen der dei båe studerte biologi.


Tronhus har hatt mange funksjonar

I tillegg til å ha vore turiststasjon med hotell eller pensjonat heile tida har Tronhus fungert med andre tenester. I perioden 1912 – 1954 var det postopneri her, og frå 1919 og fram til 1964 var det telefonsentral på Tronhus. I seinare tid har det vore både leirskule og base for raftingselskap på Tronhus.

Kristin Borud og Tor Henning Evensen tek imot Norddalen over ein kaffekopp i den trivelege peisestua i Hotellet. Tor Henning er eigentleg akademikar, men på Tronhus har han dokumentert stor interesse og iver for vedlikehaldsoppgåvene for rundt seksten gamle hus.

- Korleis fungerer Tronhus i dag ?

- Eigedomen er på totalt 68 mål, og all jord har vore bortleigd til ein aktiv gardbrukar i Synstlia sidan 1980-talet. Det har ikkje vore husdyr på garden her sidan 80-talet. Stugu som vi brukar til eigen bustad er den gamle hotellbygningen til Jens Tronhus, fortel Kristin, og ved sida her har vi Røsjøstugu og Generalstugu. I 2006 var det ein brann der, og på tomta vart det bygd opp att to nye tømmerhus med god standard som er bygd saman og som vi leiger ut gjennom Randsverk camping. Nede i garden står tantehuset som vi leiger bort sjølve. I andre høgda er det fire soverom, så det er god plass der. Oppi jordet bak det gamle stabburet står det også ei timbrastugu, Brurstugu, som vi skal restaurere og planlegg å leige bort. Bortover garden ligg Hagestugu, sanitæranlegg, fjos, låve og stall der vi nå har høner.

Tor Henning legg til at det står eit anna gammalt hus oppi jordet som har fått nytt tak. Det er «Rullebua» som er todelt. I den bakre delen av huset varma dei opp vatn på vedomn og vaska klede. I den fremre delen rulla dei dukar, sengety og anna klede som dei tidlegare brukte til hotell- og pensjonatdrifta. Ein trestamp står ute og vitnar om klesvasken.

- Det hadde vore spennande om vi kunne fått fullrestaurert dette huset, seier Tor Henning og viser oss inn i rommet der vedomnen står og ventar på restaurering inne på jordgolvet. Ein blir aldri ferdig med vedlikehald på ein plass med rundt seksten gamle hus, men det er mange svært flinke handverkarar i ulike fag her i nærområdet som kan det faglege. Så det er hjelp og gode råd å få.

Prominente gjestar

Vertskapet plukkar ned eit par foto frå veggen inne i peisestua og hentar ei bok som dokumenterer prominente gjestar på Tronhus. På eit foto av den svenske kronprisen har kronprinsen skrivi på følgjande : Til Jens Tronhus frå Gustaf 24. – 25. aug. 1898. Eit anna foto viser den svenske kronprinsen ved Russvassbua der han står ved sida av Jens Tronhus med eit digert reinsdyrhorn på ryggen. Jens Tronhus fekk også ein fin pokal frå kronprinsen der det er inngravert følgjande: Frå kronprindsen til Jens Tronhus. Til minne om storbukken under Nautgardstind.

- Det bli fortald at kronprinsen var så lang at dei måtte lage ei ekstra lang seng til han. Er denne på Tronhus nå ?

- Nei, det er den nok ikkje, svarar Kristin, som også fortel at fleire gjenstandar frå da «Tre i Norge» vitja Tronhus er å finne på Fjellsenteret i Lom i dag.

Jens Tronhus var tremenning til kunstnaren Edvard Munch. I 1895 da Munch gjekk gjennom Sjodalen på tur til Ullinsvin i Vågå overnatta han i Tronhus. Det var kanskje der han teikna grisen som er ei skisse han laga i Randsverk på turen til prestgarden og slektningane sine i Vågå.

Under samtala med vertskapet kjem det stadig folk innom. Det er både slektningar, venner og andre som brukar Tronhus som base i ferietida. Før i tida hadde Tronhus faste familiar som var her kvar påska. Da var det dans på påskekvelden med trekkspelmusikk til.

Ny kafédrift på Tronhus ?

Kristin har mange gode minne frå tida med skyss-stasjon og hotelldrift på Tronhus. Ho hugsar spesielt kor hektisk det var når OKB-bussen hadde den halvtimes stoppen sin her.

- Dei kokte kaffe og steikte vaflar på svartomnen i hotellhuset her, og så sprang dei ned til huset på nersida av gardsplassen der det var kafé. Det var ein hektisk skytteltrafikk opp og ned, og eg hugsar dei gode feite og sprø vaflane, mimrar Kristin, som har nokre vage tankar om å ta opp att denne servicen når Mattilsynet måtte godkjenne kjøkkenet til det formålet.

Kristin og Tor Henning tok ei årseining innan «Natur- og kunnskapsturisme. Geologi og historikk» ved Høgskulen i Hedmark i 2005. Da hadde dei tankar om å bruke denne kompetansen på Tronhus.

- Men da eg tok over plassen i 2013 tykte eg at det ikkje var så lenge til eg skulle bli pensjonist, smiler Kristin, så det vart berre med tanken. Tronhus er ein fin plass for folk som vil ta korte eller lange dagsturar for å oppleva natus og kultur. Ein kan oppleva så mykje med utgangspunkt her, og det er ein fin plass for dei som ønskjer å oppleva eit rolegare tempo, kjem det samstemt frå vertskapet Kristin og Tor Henning på denne fine innfallsporten til Jotunheimen.