Tess flytta til Sjodalen for å sjå om ho takla villmarkslivet, vart sitjande åleine på hytta i to månader

Den kjende hundepsykologen Tess Erngren forlét storbyen for å starte villmarksterapi i Sjodalen. Ho gav seg sjølv eit år for å sjå om ho treivst. Så kom korona og lock down. I to månader sat ho mutters åleine i ei lita hytte utan andre menneske rundt seg. – Eg skal vere så ærleg at eg hadde ikkje greidd det utan hundane mine.