Vågå kommune skriv på sine nettsider at kommunedirektøren, i lag med arbeidsgruppa, tek sikte på å arrangere eit nytt folkemøte om etterbruken av Lalm skule i løpet av oktober månad.
Fram til da blir det arbeidd med å vurdere ulike alternativ, og desse vil bli presenterte i møtet, blir det opplyst.
Eksakt dato for nytt folkemøte vil bli annonsert seinare.