Sarah Valbjør (13), Semming Finsrud Øyjordet (12) og Clyde Sebastian S. Bonifacio (16) er tre av rundt 150 unge frå Nord-Gudbrandsdalen som i helga er samla til UKM (Ung Kultur Møtes) i Utgard i Lom. Dei tre speler i band saman gjennom kulturskulen i Vågå, saman med musikklærar Paulo Macamo.

– Det er litt skummelt, men løyle, summerer opp dei like før eine seniormønstringa laurdag, som Norddalen var på.

Under UKM er det fleire forskjellige kategoriar, mellom anna kunst, song, dans og musikk.

– Få vise fram det ein kan

På bakrommet står også Jostein Volehaugen Jordet (14) frå Otta. Han deltek på UKM, og speler trommer. Det byrja han med når han var åtte-ni år.

– I 3. klasse byrja eg i tredjeklassekorps, og der spelte eg baryton. Året etter fekk vi spørsmål om vi ville spele i skulekorps. Da kunne eg velje eit nytt instrument. Det vart trommer for det hadde vi heime, seier Volehaugen Jordet.

I år deltek han i UKM for fjerde gong.

– Det er løyle. Da kan ein få vise fram det ein kan.

På fritida går det mykje i musikk, og Volehaugen Jordet speler i to musikkforeninger, på Otta og i Heidal. Han er og med på nokre prosjekt med Mjøsen janitsjar.

– Eg er litt over snittet interessert. Det er musikk det går i, ler han.

Trommer er hovudinstrumentet. I tillegg speler han litt gitar og piano.

– Av dei største i landet

Anna Øihusom er hyra inn om ung arrangør (UA)-mentor, og sit i styringsgruppa for helgas UKM- arrangement i Lom.

– Dette er ei kombinert lokal- og fylkesmønstring. Dette er av dei største mønstringane i landet. Laurdag er det to seniormønstringar, og sundag er det ei mønstring for juniorar, fortel ho.

Ein fagjury vurderer innslaga i dei to seniormønstringane, og skal nominere kven dei meiner bør gå vidare til landsmønstringa i Stjørdal i juni.

Som UA-mentor har Øihusom mykje å halde styr på gjennom helga.

– Dette er eit ungdomsstyrt arrangement, der unge arrangørar er med og gjennomfører arrangementet. Eg har mykje ansvar for det rundt, seier Øihusom.

Er med og arrangerer

Synne Løvli Haugen (20) frå Otta og Astrid Sandbu Røe (15) frå Vågå er med som unge arrangørar under UKM. Oppgåvene er mange og varierte.

– Vi gjer alle småoppgåver for å halde orden på arrangementet, forklarer dei to samstundes som dei svarer på spørsmål frå ungdom som går forbi.

Døme på kva dei driv med er å ta imot deltakarane når dei kjem, arrangere aktivitetar for deltakarane, handle inn varer som trengst og gjere ting klart.

– I går handla vi inn. Det er ikkje kvar dag du kjøper godteri for over 700 kroner, skrattar Løvli Haugen.

Ho har vore med som ung arrangør fleire gonger tidlegare og tykkjer det er morosamt.

Astrid Sandbu Røe er med som ung arrangør for første gong, og det freistar til gjentaking.

– Eg vart spurt, og takka ja. Eg tykte det høyrdest løyle ut. Eg har vore med i kulturskulen tidlegare. Å vere med på dette har stått over forventningane eg hadde for min del, smiler ho.