Sorenskrivaren ønskjer seg nye lokale: – Det er for trongt her, rett og slett

Nord- Gudbrandsdal tingrett må flytte dei store rettssakene til Lillehammer på grunn av plassmangel. Sorenskrivar Elisabeth B. Løvold meiner tingretten lir under dårleg rettslokale. – Dersom det er vilje til å behalde rettsstadane så må også det vere mogleg å drive her, seier Løvold som ønskjer seg nye rettslokale.