Det opplyser Vågå kommune tysdag kvleld og melder at det går føre seg eit stort arbeid med å avdekke omfanget av nærkontaktar nå i kveld.

«Sidan situasjonen er såpass uavklart ber vi elevane på Vågå ungdomsskule og Vågåmo skule om å halde seg heime frå skulen i morgon inntil nærmare avklaring av smittesituasjonen. Lalm skule har vanleg skuledag.

Alle elevar må ha færrast mogleg nærkontaktar.

Enkelte elevar kan få beskjed om å kome på skulen for å testa seg enten i morgon eller torsdag.

Andre nærkontaktar vil ta vanleg test på Vågå helsesenter og må vere i isolasjon fram til dei får negativt svar», melder kommunen.

Vaksinering går som planlagt i morgon 25.08.21.