Gå til sidens hovedinnhold

Slakteri - det å stemme imot

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Slakteri - det å stemme imot

I dag stemde eg imot innstillinga på at Vågå kommune skal gå inn med 12 millionar i eigenkapital til industribygg for nytt slakteri og her er mitt innlegg.

Det var ein nedtur for alle då slakteriet på Otta vart bestemt nedlagt for eitt år sidan og vi såg litt mørkt på det. Det vart prata om at bøndene i Gudbrandsdalen kunne lage eit eige samvirke men såg fort at det vart for kapitalkrevande. Så kom kommunane på bana med ideen om eit spleiselag på 5 mill pr kommune. Som folkevald var eg positiv til ei slik investering viss det kunne gje arbeidsplassar.

Rekna med det ville komme meir informasjon og ei sak på bordet med ei slik innstilling.

Det gjorde det ikkje. Istadenfor las vi i avisa at Vågå vil gå inn med 10 mill. Og no kom innstillinga på 12 mill. Avisene skriv og folk jublar.

Sjølv stiller eg meg følgande spørsmål :

- kan vi gå for ei slik investering utan å vete noko meir om dette er realistisk?

- bør vi gå vekk frå tidlegare statuttar i utviklingsfondet for å satse kvar ei krone på eit prosjekt som er relativt usikkert?

- bør kommunen gå så sterkt inn som medeigar i eit industribygg av så spesiell karakter med tanke

på etterbruk?

- bør kommunen ta så stor risiko med kommunale midlar der investorar og bankar ikkje tør?

- veit vi i heile tatt om kva slags gevinst dette vil gje i form av arbeidsplassar?

- veit vi om eit nytt slakteri får tilført nok volum gjennom året til denne satsinga sidan slaktekapasiten allereie er for stor?

Produsentane er ikkje spurt om dei vil levere til det nye GS. Tala som blir brukt no er basert på undersøkingar med forutsetningar som var i første konseptet. Det er sagt at det blir venta med å gå ut med informasjon til produsentane til finansieringa er på plass. For meg blir dette feil rekkefølge.

Som kjøttprodusent og kvinne i landbruket er eg skeptisk til å levere til eit privat slakteri organisert som eit AS der kapitalkreftene rår. Det vil svekke eit samvirke som eg meinar vi er avhengig av for å kunne ha landbruk i heile Norge. Både produsentar og private slakteri er avhengig av å ha ein markedsregulator som Nortura, dei er pålagt reguleringstiltak ved under- og overproduksjon samt lik pris til alle uavhengig av kor du bur i landet. Det er ei nedre grense for kor lite markedsandel Nortura må ha før dette ikkje vil fungere. Å svekke dette ytterlegare kan gje oss ein situasjon distrikta ikkje er tent med.

Er eg ikkje opptatt av arbeidsplassar da? Jau, det er eg. Men kva veit vi her. Det er sagt 50-100 stk, men det berre synsing så lenge vi ikkje veit noko om volum og størrelse på slakteriet.

Er eg ikkje opptatt av dyrevelferd? Jau, det er eg. Vi har hatt det godt med slakteri på Otta, bedre enn dei fleste andre. Det siste halvåret har vi sendt dyra våre til Rudshøgda. Med gode vegar, gode bilar og flinke sjåførar går dette greitt og er godt innanfor regelverket. Eg er glad i dyra mine og ser at dette fungerar. Flesteparten av dei private slakteri har store fabrikkanlegg i områder med stor tetthet av dyr. Nortura har slakterianlegg over heile landet for å kunne ivareta mottaksplikt innanfor grensa på transporttid.

Tilbake til innstillinga.

Dette er vanskeleg. Men etter å ha stilt meg sjølv spørsmåla innledningsvis er konklusjonen min at det er for mykje usikkert slik saka står idag til at eg kan stemme for å gå inn med 12 millionar kommunale kroner sjølv om det er under føresetnad.

Å løyve 5 millionar i eit spleiselag og sjå om dette er liv laga som først var tenkt hadde vore noko anna. Det kunne kommunen gått inn med utan å måtte endre statuttar og tappe eit utviklingsfond slik at andre prosjekt ikkje får støtte. I tillegg til 5 millionar kunne ein vore behjelpeleg med for eksempel tilrettelegging av tomt.

Til slutt vil eg sei at det er bra det kjem idear som skapar fellesskap og kan gi ny giv for bygdene og eg vil gje honnør til arbeidsgruppa til GS for å ta initiativ og for alt arbeid dei legg ned.

Men som politikar er eg nødt til å veie for imot før ei slik investering med fellesskapets midlar.

Slik forhåndsprosederinga har vore i media er det vanskeleg å stå her og stemme imot.

Men eg har eit anna syn på realitetane enn fleirtalet her og må vere ærleg og må stemme utifrå eiga overbevisning.

Turid Grimsbø Snerle

Vågå SP