Gå til sidens hovedinnhold

Sju nye smittetilfelle i Vågå idag - totalt er 37 smitta

Per idag har Vågå totalt 37 personar i isolasjon.

Det melder Vågå kommune onsdag ettermiddag.

- Det er sju nye positive tilfelle i dag og dei er i all hovudsak knytt til Søre Grindstugu barnehage. Det er ingen som er registrert alvorleg sjuke. Nærkontaktar er kontakta av koronatelefon og blir kalla inn til testing fortløpande. Vi kan framleis melde om kjent smitteveg og auka i smitte er ikkje uventa, melder Vågå kommune.

Søre Grindstugu barnehage køyrer på gult nivå både denne veka og neste veke. Det inneber kohortinndeling både ute og inne, ekstra reingjering og at ungane tek med niste frå heime.

Kommunen minninner om generelle smittevernråd som er viktige å hugse:

  • Hald minst 1 meter avstand og bruk munnbind dersom det ikkje er mogleg
  • Vask hender ofte og grundig
  • Hald deg isolert dersom du er sjuk