For mange år sidan hadde Kristian Haugøy som gjekk bort i 2007 fortalt at dei hadde ein skjepul på låven på Haugøy. Per visste at skjepul hadde noko med frakting av kol å gjera, men var usikker på om dette hadde noko med skipspund og vekt å gjera. Fyrste turen i låven på Haugøy i lag med Odd Kåre Haugøy gav ikkje noko svar på skjepul.

I band 2 av Bygdebok for Vågå og Sel skriv Ivar Teigum at namnet Skjepulsletta etter ein lokal tradisjon fortel om ein lasteplass der trekolet vart lesst i karmar før frakta til Sel. Med trekol som stikkord og Kåre Skogen som lokal kjentmann går turen til området ovanfor Borgasætra i Skogbygda. På rad og rekke viser Kåre groper i terrenget der det skal ha vore brent trekol.

Eit par lokale personar i Skogbygda fortel at gropene er registrerte og kartfesta, og nokre er så store at både Kåre Skogen og Per H. Skjellum får god plass nede i gropa. På båe sider av Slådalsvegen mellom Brennslette og Frikseter oppover er det registrerte og kartfesta 76 fangstgroper som Innlandet fylkeskommune har liggjande på nettet. Fleire av desse kan vera kolgroper, og med jordbor er det funne restar av trekol i nokre av dei.

Skjepulen på Håkenstad gjekk med i brannen i 1981

Det går rykte om ein skjepul på Håkenstad, og Ola Håkenstad gjev følgjande svar i telefonen:

- Ja, det var ein skjepul på garden her, men den brann opp under den store brannen på garden vår den 27. juni 1981. Men det skal vera ein på Haugøy, og frå her eg sit ser eg på eit handteikna kart på veggen over Skjepulvegen. Frå kolgropene frakta dei truleg kolet med kløvhest, og frå Skjepulsletta vart kolet frakta vidare med hest og slede med ei fletta trekorg oppå som dei fylte med kol. Sleden var tett i botn, og den fletta korga var omtrent som ei kakeform utan botn som dei sette oppå sleden.

Ola mimrar om storleiken på korga, og grunngjev storleiken med at hestane var mindre på 1600-talet slik at lasset ikkje kunne vera for tungt. Han er også usikker på om skjepul kan vera ei måleeining for storleiken/tyngda på lasset. Eitt skipspund er lik 148 kg. Det står også at eit skippund er ei eldre vekteining lik 160 kg.

Pliktkøyring mot betaling

Ivar Teigum skriv i bygdeboka om rike koparfunn på Kvikne i Nord-Østerdalen i 1631 og forhandlingar med bøndene i Gudbrandsdalen om hogging og levering av trekol til rimeleg pris. Seks år seinare kravde bøndene i Vågå, Lom og Skjåk enten fritak eller skattelette for det ulidelege arbeidet med vedhogging, kolbrenning og frakt med eigne hestar for koparverket på den andre sida av Dovrefjellet.

Privileg på gruvedrift i Rusthøa i Sel vart gjeve i 1642, og leveringsplikta til bøndene i Lom og Vågå er tydeleg omtala i privilegiebrev i 1652. Ivar Teigum skriv vidare i bygdeboka at «Frå Vågå og Heidal gjekk det også sledespor til Selsverket etter vedkøyringa på nyåret 1664.

Heilt frå Skogbygda i Vågå kom Ole Synsteng. Han skulle snart få følgje frå fleire av fullgardane: Der kom Knut Råstad, Ola og Jon Lunde og Ivar Amundsson Sandbu frå Finntryu på nordsida av bygda. Mykje av transporten var truleg ved, men til smeltehytta og smia var det bruk for store mengder med kol». Trekolet vart frakta mest i mars månad.

Kjell Voldheim som har studert bergverkdrifta i norddalen fortel at denne køyringa av ved og kol var eit pliktarbeid mot betaling. Det var også gjennom dette arbeidet at oppstarten av pengebruken kom i gang. Det var greiare å betale skatten i pengar enn gjennom huder og skinn. Han fortel at det var mangel på ved som gjorde at verket på Lesjaverk stoppa opp.

Skjepulvegen rydda i 2006

Hans Spakrud fortel at dei rydda opp att Skjepulvegen fram til Blåhøvegen ved Sandbakken i Øygardane i 2006. Dei brukte 400 dugnadstimar i regi av grendelaget i Skogbygda, og Hans fortel om ulike namn på delar av denne gamle vegen, plassar langsmed vegen og namn på va der dei måtte krysse ei elv eller større bekk. Frå Sandbakken vart kollasset truleg frakta vidare nedover til Skjellum, forbi Ulabråten, Sagsletten gjennom Myrumsgrenda og over Rusten.

For andre gong går derfor turen tilbake til låven på Haugøy noko tryggare på kva ein skal leite etter. Og denne gongen meiner både Per H. Skjellum og norddalen sin utsendte å ha funne kanskje den siste skjepulen i Vågå utan den fletta trekorga. Ikkje rart om ei fletta trekorg frå 1600-talet har forvitra heilt etter vel fire hundre år.

Den minste sleden på Haugøy er tett i botn og fjølene er festa med trenaglar. Framme og bak er det skråfjøler med avlangt hol som passar bra å gripe med handa. På båe sidene er det eit kantbord som kan brettast opp slik at det passar godt å setja ei korg ned i sleden, Sleden er montert saman med mange trepluggar. Men framleis heng spørsmålet i lufta: Er skjepul namnet på sleden, korga, alt saman eller berre ei måleeining ?

Ivar Teigum kan ikkje sjå at skjepul har noko med vekteining å gjera. Han føler seg ikkje på heilt trygg grunn, men meiner at namnet kjem av å skape til (spesiallage) og at med endinga pul får ein eit substantiv. Han kjenner til at andre har andre tolkingar av ordet. Kjell Voldheim er ein av dei som trur at skjepul kan ha noko med skippund eller skipspund å gjera, mellom 148 og 160 kg., sjølv om han veit at holmålet for kol var lest. Måleeininga for alm var tønner og for fyrsettingsved var det lachter Mange av omgrepa innan bergverksdrift kjem frå dansk og tysk, og skjepul kan vera eit slik fornorska ord.

Konklusjonen på all leitinga blir at det på låven på Haugøy er ein slede som truleg vart brukt til å frakte kol med på Skjepulvegen, men om den heiter skjepul er uvisst. Etter rundt fire hundre år kan ein ikkje forvente å finne att den fletta trekorga som vart plassert oppå sleden. Kjell Voldheim vil nok ta kontakt med Odd Kåre Haugøy for å sjå nærare på denne sleden.