Selskap får utsett frist for bygging

Trikant As har søkt om utsett frist for bygging av toalett for rørslehemma og montering av heis i samband med serveringsstaden Andre Etasje i Vågå. Søkar ønskjer å ferdigstille dette samtidig med ombygging av resterande bygningsmasse til 20 rom for overnatting våren/tidleg sommar 2022.