Selde kunst for 1,2 millionar kroner

Galleri Ullinsvin omsette for 1,2 millionar kroner i fyrste driftsåret. Av dette kunne dei utbetale 700.000 kroner til kunstnarane. – Det viser at det kan vere attraktivt å stille ut i Ullinsvin, seier dagleg leiar Tora Sandbu.